Matriark er ei kvinne som har status som overhovud for familien, hushaldningar eller stammen sin, ei stammor eller i overført tyding ei eldre, akta kvinne.[1][2]

Neneh Houca, skildra som «Matriarch of the Diallo Compound» i Ibel i Senegal (ved Kedougou).
Foto: 1981 eller 1982, John Atherton

Ordet er danna etter mønster frå patriark, og finst også i matriarkat. Det kom til norsk frå engelsk matriarch.[1]

Omgrepet er viktig i jødedommen, der dei fire viktigaste matriarkane er Sara, Rebekka, Rakel og Lea. Ifølgje Talmud er berre desse matriarkar og berre Abraham, Isak og Jakob er patriarkar.[3] Matriarkane er nemnde i nokre former av amida-bøna.[4]

Omgrepet «matriark» blir også brukt om eldre hodyr som leier familiegrupper, som elgar,[5] elefantar[6] og kvalar.[7]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «matriark - Det Norske Akademis ordbok», www.naob.no (på norsk), henta 30. juni 2019 
  2. «Home : Oxford English Dictionary», www.oed.com (på engelsk), henta 30. juni 2019 
  3. Jacobs, Louis (2003). «Matriarchs» (på engelsk). Oxford University Press. ISBN 9780192800886. doi:10.1093/acref/9780192800886.001.0001/acref-9780192800886-e-441. 
  4. «Who Are the Patriarchs and Matriarchs?», My Jewish Learning (på engelsk), henta 30. juni 2019 
  5. Langvatn, Rolf (7. mai 2019). «elg». Store norske leksikon (på norsk). 
  6. Elefant | Pete Safaris, henta 30. juni 2019 
  7. «THE IMPORTANCE OF KILLER WHALE MATRIARCHS», Eagle Wing Tours (på engelsk), 22. november 2013, henta 30. juni 2019