Matthias Buse (fødd 3. mars 1959) er ein tysk, tidlegare skihoppar frå Zittau i Sachsen, som representerte Aust-Tyskland. Han vart verdsmeister i normalbakken under VM 1978 i Lahti, og fekk sølvmedalje med Aust-Tyskland i laghopping under VM 1984 i Engelberg.

Matthias Buse
Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 3. mars 1959
Zittau
Idrett skihopping
Tok del i

Skihopping under Vinter-OL 1984 – Stor bakke

AktivEndra

Buse debuterte i den tysk-austerrikske hoppveka i romjula 1976, utan å markere seg. Han kom tilbake til Oberstdorf nøyaktig eitt år seinare og gjekk heilt til topps i rennet. Buse hoppa godt også i dei andre hoppveke-tevlingane og kom på andreplass samanlagt, men var langt bakom vinnaren, Kari Ylianttila frå Finland. I ski-VM i Lahti same sesongen vann Buse rennet i normalbakken og vart nummer fire i storbakken. Buse deltok også i hoppveka 1978/79 og vart som best nummer fem i Garmisch-Partenkirchen.

Buse kom på sjetteplass i hoppvekerennet i Bischofshofen i 1981, og vart samanlagt nummer åtte i hoppveka 1980/81. I 1982-sesongen kom han på tredjeplass i eit verdscuprenn i Sapporo. Han vart nummer sju i storbakken, Holmenkollbakken, i ski-VM 1982 og nummer 13 i normalbakken. Under Vinter-OL 1984 i Sarajevo vart han nummer 21 i storbakken. Buse avslutta med å vinne ein sølvmedalje i lag med Ulf Findeisen, Klaus Ostwald og Jens Weissflog under ski-VM 1984 i Engelberg.

Han la opp i 1984.

KjelderEndra