Matti Keijo Pitkänen (fødd 20. desember 1951) er ein finsk tidlegare langrennar frå Ikaalinen i Birkaland. Han vann OL-gull i 1976, VM-sølv i 1978 og OL-bronse i 1980; alle medaljane kom i 4 x 10 km stafett. Pitkänen gjekk i 1978 inn til siger på femmila i Holmenkollen.

Aktiv endre

Pitkänen markerte seg i internasjonalt langrenn i tida 1976-80. Under Vinter-OL 1976 i Innsbruck vart han nummer 13 på 30 km. Ei veke seinare gjekk han startetappen for Finland i 4 x 10 km stafett, ei tevling som enda med ein suveren siger for det finske mannskapet. Saman med Juha Mieto, Pertti Teurajärvi og Arto Koivisto syrgde han for landets siste store triumf iden historisk stafetten for menn. Vinteren 1978 var Pitkänen i sitt livs beste form. Då Ski-VM 1978 fann stad i Lahti, kom han på fjerdeplass i alle dei tre individuelle tevlingane; 15, 30 og 50 km. I 4 x 10 km stafett deltok han som finsk ankermann i ein jamn strid om sigeren med Sveriges Thomas Magnusson. Magnusson la til sist Pitkänen 11 sekundar bak seg og avgjorde dermed gullstriden til svensk fordel. Vel ein månad seinare deltok Pitkänen i Holmenkollrenna, der han vann 50-kilometeren med over 1 minutts margin til andremann, den norske veteranen Magne Myrmo. Under dei olympiske vinterleikane 1980 i Lake Placid vart Pitkänen nummer seks på 30 km, før han gjekk ein etappe for Finlands lag i 4 x 10 km stafett, der innsatsen vart lønt med ein bronsemedalje.

Kjelder endre