Opna hovudmenyen

Mattismesse om hausten eller Matteusmesse vert feira 21. september til minne om apostelen Matteus. På latin vert dagen kalla festum Mathei apostoli evangeliste. Merkedagen fell ofte saman med haustjamndøgn. På primstaven vart dagen ofte avmerkt med ei øks, eit merke som kan knytast til måten apostelen Matteus leid martyrdauden. Andre bruka primstavmerke kan vere hest eller fisk.

I norsk folketru har primstavmerket vorte knytt til lauvhogging. Mattismesse var dagen for å begynne å hogge lauv som skulle nyttast til vinterfôr. Etter denne dagen rekna ein at kornet ikkje kunne mognast meir.

KjelderEndra