Maund
Maund, mun, mam eller mama er ei eldre måleining for masse som vart nytta i India, Pakistan og einskilde land i Midtausten. Storleiken har variert mellom 15 og 40 kg med tid og stad. I India var han offisielt sett lik 37,3 kg og delt i 40 ser. Eininga har truleg opphavet sitt i den greske talenten, som vart ført austover med Alexander den store.
Kjelder
endre- «maund» (14. februar 2009) i Store norske leksikon, snl.no. Henta 12. november 2013.