Maurpiggsvin
Maurpiggsvin (Tachyglossidae) er ein liten biologisk familie av eggleggande pattedyr. Saman med nebbdyra dannar dei ordenen kloakkdyr (Monotremata). Maurpiggsvin lever i Australia og på Ny-Guinea.
Maurpiggsvin | |
![]() | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Overklasse: | Tetrapodar Tetrapoda |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Underklasse: | Yinotheria |
Orden: | Kloakkdyr Monotremata |
Familie: | Maurpiggsvin Tachyglossidae Gill, 1873 |
Klassifisering
endreMaurpinnsvin omfattar to slekter med to, tre eller fire nolevande arter, avhengig av korleis ein klassifiserer dei. Fleire utdøydde artar høyrde også til familien.
Maurpiggsvin utvikla seg for mellom 20 og 50 millionar år sdian frå eit nebbdyraktig dyr.[1] Denne stamarten levde i vatn, men maurpiggsvin tilpassa seg eit liv på land.[1] Mange maurpiggsvin lever på maur og termittar, men dei er ikkje nært i slekt med maurslukarar frå Amerika, som er gomlarar i slekt med dovendyr og beltedyr.
Namn
endreDet vitskaplege namnet «Echidna» kjem frå Ekhidna, eit vesen i gresk mytologi som var halvt kvinne og halvt slange, ettersom dyra blir oppfatta som å ha eigenskapar både til pattedyr og reptilar.[2]
Skildring
endreMaurpinnsvin har ein lang tynn snute og keratiniserte piggliknande hår på ryggen, som fungerer som eit ytre forsvarsverk når dyra ruller seg sammen, nett som piggsvin. Dei dannar ein slags lomme på undersida si som dei klekkar ut egga sine i.
Artar
endreKjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 Phillips, MJ; Bennett, TH; Lee, MS (October 2009). «Molecules, morphology, and ecology indicate a recent, amphibious ancestry for echidnas». Proc. Natl. Acad. Sci. U.S.A. 106 (40): 17089–94. PMC 2761324. PMID 19805098. doi:10.1073/pnas.0904649106.
- ↑ «echidna», Online Etymology Dictionary, henta 23. november 2014
- Denne artikkelen bygger på «Maurpiggsvin» frå Wikipedia på bokmål, den 17. november 2019.
- Denne artikkelen bygger på «Echidna» frå Wikipedia på engelsk, den 18. november 2019.