Mawangdui

Mawangdui (kinesisk 馬王堆, pinyin Mǎwángduī, som er ei forvansking av 馬鞍堆 som nesten likt uttalt tyder «Den salforma høgda») er ein arkeologisk funnstad i Changsha i provinsen Hunan i Folkerepublikken Kina. Funnstaden består av to salforma høgder, og inneheldt gravkammera til tre personar. Dei er daterte til det vestlege Han-dynastiet (206 f.Kr.–9 e.Kr.).

Mawangdui
Mawangduihanmu.jpg

Mawangdui
28°12′31″ N 113°1′18″ E

Gravene tilhøyrde den første markgreven av Dai, Li Cang, kona hans Xin Zhui og ein mann i 30-åra ein går ut frå var sonen deira eller broren til Li.

Utgravingane fann stad i perioden 1972-1974.

Taoistisk tekst skriven med blekk på silke frå 100-talet f.Kr.

Dei fleste av dei mange gjenstandane frå Mawangdui er utstilt i Hunan provinsmuseum.[1] Det er særleg retta merksemd mot silketekstene i funnet. Ein kalla ei tid funnet feilaktig for «kong Ma-haugen» fordi ein trudde at det her dreidde seg om grava til Ma Yin (853–930), ein av herskarane over kongeriket Chu under tida til dei fem dynastia og ti kongedøma.

ReferansarEndra

  1. Eti Bonn-Muller (10. april 2009). «China's Sleeping Beauty». 

LitteraturEndra

  • Lee, Sherman E., 1994, A History of Far Eastern Art, Fifth edition, Prentice Hall
  • Harper, Don, 1998, Early Chinese Medical Literature: The Mawangdui Medical Manuscripts, Kegan Paul International.
  • Buck, David D., 1975, Three Han Dynasty Tombs at Ma-Wang-Tui. World Archaeology, 7(1): 30-45.
  • Hsu, Mei-Ling, 1978, The Han Maps and Early Chinese Cartography. Annals of the Association of American Geographers, 68(1): 45-60.
  • Cihai. Shanghai cishu chubanshe, Shanghai 2002, ISBN 7-5326-0839-5
  • Hunan sheng bowuguan, Zhongguo kexueyuan Kaogu yanjiusuo (Provinzmuseum Hunan, Archäologisches Institut der Chinesischen Akademie der Wissenschaften) (Hrsg.): Changsha Mawangdui yihao Hanmu (Han-Grab Nr.1 von Mawangdui, Changsha). Wenwu chubanshe, Peking 1973
  • Zhongguo da baike quanshu: Kaoguxue (Große chinesische Enzyklopädie: Band Archäologie). Zhongguo da baike quanshu chubanshe, Beijing 1986
  • Hunan sheng bowuguan (utg.): Mawangdui Hanmu yanjiu. Changsha: Hunan renminchubanshe 1981
  • He Jiejun, Zhang Weiming: Mawangdui Hanmu. Wenwu chubanshe, Peking 1982
  • Fu Juyou, Chen Songchang (Hrsg.): Mawangdui Hanmu wenwu (Die aus den Han-Gräbern von Mawangdui ausgegrabenen Kulturgüter). Hunan chubanshe, Changsha 1992
  • Ma Jixing: Mawangdui gu yishu kaoshi. Hunan kexue jishu chubanshe 1992