Tommelpiano

(Omdirigert frå Mbira)

Mbira, sansa, likembe, kalimba eller marimba er eit afrikansk musikkinstrument, som av europearane vart kalla tommelpiano eller knipse-lamellofon. Det består av ei lita plate eller resonator som det i vifteform er festa fjører (eller lamellar) til av metall, bambus eller liknande til. Desse vert knipsa med tommelfingrane. Lengda av den frittsvingande delen av kvar lamell avgjer tonehøgda.

Ein zimbabwisk mbira dza vadzimu.

Instrumentet har mange namn, avhengig av kor i Afrika ein er. Døme på namn: Mbira, nbila, mbira huru, mbira njari, mbira nyunga nyunga, marimba, karimba, kalimba, likembe og okeme. Det finst i mange forskjellige variantar både i utforming og stemming. Tradisjonelt er det berre kjend i Afrika og blant enkelte afroamerikanske folkegrupper.

Dette instrumentet er svært populært nytta innan musikkpedagogikk sidan det er rimeleg enkelt instrument å utøve, så lenge det består av 2-15 tangentar. I seinare tid har det vorte produsert tommelpiano med eit spekter på heile 4-5 oktavar.

Kjelder endre

  • mbira i Store norske leksikon.