Opna hovudmenyen
McCartney
Studioalbum av Paul McCartney
Utgjeve 17. april 1970
Innspelt Desember 1969–februar 1970
Studio Heime hos McCartney i St John's Wood; Morgan Studios i Willesden; Abbey Road Studios i London
Sjanger Rock
Lengd 35:03
Selskap Apple
Produsent Paul McCartney
Paul McCartney-kronologi
McCartney Ram
(1971)


McCartney er det første soloalbumet til den engelske rockeartisten Paul McCartney. Det vart gjeve ut på Apple Records i april 1970 etter McCartney hadde motstått forsøk frå bandkollegaene sine i The Beatles om å utsette utgjevinga til etter dei tidlegare planlagde utgjevingane på Apple, mellom anna The Beatles sitt Let It Be. McCartney spelte inn albumet sitt i ei tid med depresjon og forvirring etter at John Lennon i september 1969 fortalte bandet at han ville slutte i Beatles, og konflikten internt i bandet vart verre då McCartney gav ut dette albumet. Ei pressemelding i form av eit sjølv-intervju, i lag med eksemplar av McCartney, førte til kunngjeringa om at The Beatles var oppløyst den 10. april 1970.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[1]
Christgau's Record GuideB[2]
Consequence of Sound (reissue)B[3]
Encyclopedia of Popular Music3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[4]
The Essential Rock Discography6/10[5]
MusicHound3.5/5[6]
Pitchfork Media (reissue)7.9/10[7]
Record Collector3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[8]
The Rolling Stone Album Guide2.5/5 starsStar full.svgStar half.svgStar empty.svgStar empty.svg[9]

McCartney spelte inn albumet i løyndom, og brukte enkelt heimeopptaksutstyr i huset sitt i St John's Wood. Miksing og nokre seinare innspelingar fann stad i profesjonelle studio i London, som McCartney leigde under eit alias for å halde seg anonym. Utanom enkelte bidrag frå kona si, Linda, spelte han inn heile albumet på eiga hand, og spelte alle instrumenta sjølv. Med laust arrangerte songar i staden for ein polert produksjon, var McCartney eit døme på å gå attende til det enkle, på liknande måte som Let It Be-innspelinga hadde vore i 1969.

Då albumet kom ut fekk det negative meldingar frå dei fleste kritikarane, delvis fordi albumet førte til at Beatles offisielt vart oppløyst. Mange skribentar kritiserte at McCartney hadde teke med halvferdige songar og instrumentale stykke, sjølv om kjærleikssongen «Maybe I'm Amazed» vart utpeikt som ein bra song. Publisiteten som albumet fekk i samband med oppløysinga til The Beatles gjorde at det selde godt, og det låg tre veker på toppen av den amerikanske Billboard-lista og nådde andreplassen i Storbritannia. I juni 2011 vart albumet gjeve ut på ny som ein del av Paul McCartney Archive Collection.

InnhaldEndra

Alle songar er skrivne av Paul McCartney. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «The Lovely Linda»   0:43
2. «That Would Be Something»   2:38
3. «Valentine Day»   1:39
4. «Every Night»   2:31
5. «Hot as Sun/Glasses»   2:05
6. «Junk»   1:54
7. «Man We Was Lonely»   2:56
Side to
# Tittel Lengd
8. «Oo You»   2:48
9. «Momma Miss America»   4:04
10. «Teddy Boy»   2:22
11. «Singalong Junk»   2:34
12. «Maybe I'm Amazed»   3:53
13. «Kreen - Akore»   4:15

2011-utgåvaEndra

I juni 2011 kom McCartney ut i fleire utgåver:

  • Standardutgåve 1-CD; det originale albumet
  • Spesialutgåve 2-CD; det originale albumet på ei plate, pluss sju bonusspor på den andre plata[10]
  • Luksusutgåve 2-CD/1-DVD; i tillegg til innhaldet frå spesialutgåva kom ei bok med 128 side med bilete som ikkje var publisert før og ny tekst[11]
  • Nymstra vinyl 2-LP med innhaldet frå spesialutgåva[12]

Plate 2 – bonussporEndra

Ingen av spora var gjevne ut før.

# Tittel Lengd
1. «Suicide»   2:48
2. «Maybe I'm Amazed» (frå One Hand Clapping, 1974, med Wings) 4:53
3. «Every Night» (konsertopptak frå Glasgow, 1979, med Wings) 4:30
4. «Hot as Sun» (konsertopptak frå Glasgow, 1979, med Wings) 2:27
5. «Maybe I'm Amazed»   5:11
6. «Don't Cry Baby»   3:07
7. «Women Kind» (demo - mono) 2:09

Plate 3 – DVDEndra

  1. «The Album Story»
  2. «The Beach»
  3. «Maybe I'm Amazed» (Music video)
  4. «Suicide» (From One Hand Clapping, 1974)
  5. «Every Night» (Live at the Concert for the People of Kampuchea, 1979)
  6. «Hot as Sun» (Live at the Concert for the People of Kampuchea, 1979)
  7. «Junk» (MTV Unplugged, 1991)
  8. «That Would Be Something» (MTV Unplugged, 1991)

MedverkandeEndra

SalslisterEndra

Vekeslister

Liste (1970–71) Plassering
Australia - Kent Music Report[13] 3
Kanadiske RPM-lista[14] 1
Den nederlandske albumlista[15] 3
Den franske SNEP-lista [16] 4
Den italienske albumlista[17] 3
Den japanske Oricon-lista [18] 13
Norske VG-lista[19] 2
Den spanske albumlista[20] 4
Svenske Kvällstoppen[21] 2
UK Albums Chart[22] 2
US Billboard Top LPs[23] 1
Den vesttyske Media Control-lista[24] 15

Liste (2011) Plassering
Den nederlandske albumlista[15] 85
Den franske albumlista[25] 91
Den japanske albumlista[26] 27
Den spanske albumlista[27] 74
UK Albums Chart[28] 88
US Top Pop Catalog Albums[23] 7

Årslister

Liste (1970) Plassering
Den australske albumlista[13] 17
Den franske albumlista[29] 11
UK Albums Chart[30] 10
US Billboard Year-End[31] 25

Salstrofé

Region Salstrofé Salstal
USA (RIAA)[32] 2× Platina 2 000 000^
Canada (Music Canada)[33] Platina 100 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine

KjelderEndra

  1. Erlewine, Stephen Thomas. «Paul McCartney McCartney». AllMusic. Henta 17. mai 2018. 
  2. Christgau, s. 248.
  3. Halle, Karina (21. juni 2011). «Paul McCartney – McCartney [Reissue]». Consequence of Sound. Henta 17. mai 2018. 
  4. Larkin, s. 1257.
  5. Strong, Martin C. (2006). The Essential Rock Discography. Edinburgh, UK: Canongate. s. 696. ISBN 978-184195-827-9. 
  6. Graff & Durchholz, s. 730.
  7. Tangari, Joe (15. juni 2011). «Paul McCartney: McCartney / McCartney II Album Review». Pitchfork Media. Henta 17. mai 2018. 
  8. «Paul McCartney McCartney CD». CD Universe/Muze. Henta 17. mai 2018. 
  9. «Paul McCartney: Album Guide». rollingstone.com. Arkivert frå originalen 4. juli 2014. Henta 17. mai 2018. 
  10. «Paul McCartney – McCartney (CD, Album)». discogs.com. Henta 17. mai 2018. 
  11. «Paul McCartney – McCartney (CD, Album)». discogs.com. Henta 17. mai 2018. 
  12. «Paul McCartney – McCartney (Vinyl, LP, Album, LP)». discogs.com. Henta 17. mai 2018. 
  13. 13,0 13,1 Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970-1992. St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  14. «Top Albums/CDs - Volume 13, No. 14_15» (PHP). RPM. 6. juni 1970. Henta 17. mai 2018. 
  15. 15,0 15,1 «dutchcharts.nl Paul McCartney - McCartney». dutchcharts.nl. MegaCharts. Henta 17. mai 2018. 
  16. «InfoDisc : Tous les Albums classés par Artiste > Choisir Un Artiste Dans la Liste». infodisc.fr. Arkivert frå originalen 28. desember 2010. Henta 17. mai 2018. 
  17. «Hit Parade Italia - Gli album più venduti del 1982» (på italiensk). hitparadeitalia.it. Henta 17. mai 2018. 
  18. Oricon Album Chart Book: Complete Edition 1970–2005. Roppongi, Tokyo: Oricon Entertainment. 2006. ISBN 4-87131-077-9. 
  19. «norwegiancharts.com Paul McCartney - McCartney». VG-lista. Henta 17. mai 2018. 
  20. Salaverri, Fernando (September 2005). Sólo éxitos: año a año, 1959–2002 (1st utg.). Spain: Fundación Autor-SGAE. ISBN 84-8048-639-2. 
  21. «Swedish Charts 1969–1972 (in PDF-files)» (PDF) (på svensk). Hitsallertijden. Henta 17. mai 2018. 
  22. «Paul McCartney: Artist: Official Charts». Official Chart Company. Henta 17. mai 2018. 
  23. 23,0 23,1 «McCartney: Charts & Awards: Billboard Albums». allmusic.com. Henta 17. mai 2018. 
  24. «Album Search: Paul McCartney - McCartney» (ASP) (på tysk). Media Control. Henta 17. mai 2018. 
  25. «lescharts.com Paul McCartney - McCartney». lescharts.com. SNEP. Henta 17. mai 2018. 
  26. ???·???????-????-ORICON STYLE-?????? «Highest position and charting weeks of McCartney (2011 reissues) by Paul McCartney» Check |url= value (hjelp). oricon.co.jp (på Japanese). Oricon Style. Henta 17. mai 2018. 
  27. «spanishcharts.com - Paul McCartney - McCartney». Henta 17. mai 2018. 
  28. Chart Log UK - New Entries Update 25.06.2011 (week 24)
  29. «Les Albums (CD) de 1970 par InfoDisc» (på fransk). infodisc.fr. Arkivert frå originalen (PHP) 9. februar 2012. Henta 4. mai 2011. 
  30. «The Official UK Charts Company: ALBUM CHART HISTORY». Arkivert frå originalen 17. desember 2007. Henta 17. desember 2007. 
  31. «Billboard.BIZ - TOP POP ALBUMS OF 1970». Henta 13. juli 2011. 
  32. «American album salstrofé – Paul McCartney – Mc Cartney». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH
  33. «Canadian album salstrofé – Paul McCartney – Mc Cartney». Music Canada. 

BakgrunnsstoffEndra