Með hækkandi sól

song frå 2022 med Sigga, Beta og Elín
«Með hækkandi sól»
Song av Systur

Land Island
Språk Islandsk
Utgjeve 5. februar 2022
Sjanger Folk pop,[1] country[2]
Lengd 03:00
Selskap The Orchard
Låtskrivar(ar) Lovísa Elísabet Sigrúnardóttir

«Með hækkandi sól» (norsk omsetjing 'med den stigande sola') er ein song frå 2022 med den islandske systertrioen Systur. Songen vann den islandske songtevlinga Söngvakeppnin 2022 og var det islandske bidraget til Eurovision Song Contest 2022 i Torino.

Om songen endre

«Með hækkandi sól» er skriven av den anerkjende islandske låtskrivaren Lovísa Elísabet Sigrúnardóttir, også kjend under pseudonymet Lay Low.[3]

Teksta handlar om at sola kjem tilbake etter ein lang og mørk islandsk vinter. For kvar dag etter vintersolkverv står sola høgare og høgare på himmelen, og islendingane kallar denne perioden «með hækkandi sól», som kan omsetjast til 'med sola som står høgare kvar dag'.[3]

Opphavleg var teksta skriven frå synspunktet til ei islandsk kvinne frå 1700- eller 1800-talet.[3] Denne kvinna var i såkalla vistarband, ei islandsk liveigenskapsordning som gjekk ut på at alle jordlause skulle vere tilsette på ein gard. Ein person som ikkje eigde eller leigde eigedom, måtte difor ta arbeid på garden til ein bonde.[4] I eit intervju forklarte Sigrúnardóttir at «fattige menneske ikkje eigentleg hadde noko kontroll over liva sine, og vart tvinga til å jobbe for andre og leve under deira styre». Ho la også til at teksta kan relaterast til mange menneske, og i mange ulike situasjonar, «som alle ser litt håp når sola står høgare på himmelen, og dagane vert varmare».[3]

Sigrúnardóttir skreiv songen med tanke på Söngvakeppnin, og spurde systertrioen Sigga, Beta og Elín om dei ville framføre songen.[3] Systrene takka ja og vann tevlinga laurdag 12. mars 2022, då under artistnamnet Sigga, Beta og Elín. Med sigeren vart «Með hækkandi sól» det islandske bidrag til Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia.[5] Songen kvalifiserte seg frå den fyrste semifinalen, og i finalen enda songen opp som nummer 23 av 25 bidrag med 20 poeng.

Listeplasseringar endre

Liste (2022) Høgaste
plassering
Island (Tónlistinn)[6] 1
Litauen (AGATA)[7] 38

Referansar endre

  1. «Systur – Með hækkandi sól Lyrics». 
  2. «Eurovision 2022: il testo di “Með hækkandi sól” delle Systur (Islanda)». eurofestivalnews (på italiensk). 8. mai 2022. Henta 19. mai 2022. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 «Sigga, Beta and Elín: We are all human so let’s treat each other with kindness, love and respect». ESCBubble (på engelsk). Henta 13. mars 2022. 
  4. Agnarsdóttir, Anna (31. august 2013). «Iceland in the Eighteenth Century: An Island Outpost of Europe?». 1700-tal (på engelsk) 10: 11–38. ISSN 2001-9866. doi:10.7557/4.2619. 
  5. «Iceland: Sigga, Beta and Elín win 'Söngvakeppnin', will go to Turin 🇮🇸». Eurovision.tv (på engelsk). 12. mars 2022. Henta 13. mars 2022. 
  6. «TÓNLISTINN – LÖG» (på islands). Tónlistinn. Arkivert frå originalen 5. mars 2022. Henta 13. mars 2022. 
  7. «2022 20-os savaitės klausomiausi (TOP 100)». Agata (på litauisk). 20. mai 2022. Henta 19. juni 2022.