Meanderbord

(Omdirigert frå Meanderband)

Meanderbord eller berre meander er i kunst og arkitektur eit mønster eller ornament forma av liner som slynger seg i rette vinklar, mykje nytta i antikk kunst og arkitektur. Då ornamentet finst i stor mon på antikk gresk keramikk, vert det ofte òg kalla à la grecque, fransk for på gresk vis, sjølv om meander-ornamentet une grecque i fransk samanheng seiast å skilja seg i detaljane frå det som på fransk kallast meander (méandre).

Meander kring kvinner attmed eit altar. Bilete inni ein attisk kylix (vid, lågkanta gresk drikkeskål i keramikk) frå om lag 450 før Kr., funne i Vulci.
Ei prosesjonsscene med ein meander under. Frå Ara Pacis Augustae, keisar Augustus' fredsaltar, som vart reist på Marsmarka i Roma i åra 13 til 9 før Kr.

Meanderen fekk eit nytt liv under stilretninga nyklassisismen, som gjorde seg gjeldande i Europa på slutten av 1700-talet og byrjinga av 1800-talet.

Nemninga meander har opphav i namnet på den sterkt slynga elva Menderes eller Büyük Menderes, antikkens Maiandros (latin: Mæander) i Anatolia i Tyrkia. Men det er ikkje sjølvsagt at nett denne elva er opphavet til sjølve mønsteret, då liknande slyngande mønstre er å sjå på gjenstandar frå yngre steinalder og bronsealderen andre stader i Europa.

Døme på meander endre

‗‗‗‗‗‗‗‗‗‗‗‗‗‗‗‗‗‗‗‗‗‗‗‗‗‗‗‗‗‗‗‗‗‗‗‗‗‗‗‗‗‗‗‗‗‗‗‗‗‗‗‗‗‗‗‗
╔══╗╔══╗╔══╗╔══╗╔══╗╔══╗╔══╗╔══╗╔══╗╔══╗╔══╗╔══╗╔══╗╔══╗
╚╗╔╝╚╗╔╝╚╗╔╝╚╗╔╝╚╗╔╝╚╗╔╝╚╗╔╝╚╗╔╝╚╗╔╝╚╗╔╝╚╗╔╝╚╗╔╝╚╗╔╝╚╗╔╝
═╝╚══╝╚══╝╚══╝╚══╝╚══╝╚══╝╚══╝╚══╝╚══╝╚══╝╚══╝╚══╝╚══╝╚═
¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Meanderbord