Medlemmer av Riksforsamlinga på Eidsvoll

Wikimedia-listeartikkel

Dette er ei oversikt over medlemmer av Riksforsamlinga på Eidsvoll, det vil seie dei 112 eidsvollmennene og kor dei var utsende frå til Riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814.

Måleriet «Eidsvold 1814» blei utført av Oscar Arnold Wergeland 70 år etter forsamlinga på Eidsvoll og var ei gåve til Stortinget i 1885.[1] Christian Magnus Falsen står oppreist framfor forsamlinga og les opp grunnlova, Wilhelm Frimann Koren Christie sit ved sida av. I alt omfattar måleriet rundt 70 portrett.[2] Måleriet heng i Stortingssalen.

Av dei 112 medlemmene av riksforsamlinga vart 33 peika ut blant dei militære. Dei andre vart peika ut som representantar for landdistrikt og byar. Embetsmennene dominerte forsamlinga med meir enn halvparten av medlemmene. Men ingen av dei var mellom dei mest framståande embetsmennene i Noreg. Over halvparten var juristar og det var femten teologar (prestar), 44 av dei 112 hadde utdanning frå Universitetet i København.[3] Ei handfull av medlemmene var store bruks- og godseigarar og 13 var kjøpmenn. Kristian Fredriks valreglar hadde gjort at gardbrukarane blei godt representert, i alt blei nærare ein tredel av forsamlinga gardbrukarar.

Forsamlinga bestod av utpeikte representantar frå heile Noreg med unntak av Nord-Noreg.[4]

Fleire av Eidsvollsmennene var unge. Gjennomsnittsalderen for riksforsamlinga var 42,8 år.[5]

Representantar på Eidsvoll 17. mai 1814 endre

Tabellen viser alle eidsvollmenn med yrke (stilling), alder og «parti». Valentin Sibbern er ført opp to gonger: Han blei vald som representant både for Smålenenes amt og Akershus ridende Jegerkorps, men tok plass som representant for si militære eining på Eidsvoll.[6] Peter Motzfeldt blei vald til ein av Bergen by sine representantar, men vart samstundes vald av artillerikorpset og inntredde etter råd frå Kristian Fredrik som representant for korpset.[7]

Valkrins Namn Alder Yrke «Parti»
Agershuus Amt Peder Anker 65 kammerherre unionspartiet
Agershuus Amt Christian Magnus Falsen 32 sorenskrivar sjølvstendepartiet
Agershuus Amt Christian Christensen Kollerud 47 gardbrukar ?
Aggershusiske Ridende Jægerkorps Valentin Sibbern 35 major unionspartiet
Aggershuske Skarpskytter Regiment Frederik Wilhelm Stabell 51 oberstløytnant ?
Aggershuske Skarpskytter Regiment Zacharias Melleby 33 kommandersersjant sjølvstendepartiet ?
Arendals Deputation Alexander Christian Møller 52 distriktslege ?
Artillerie-Corpset Peter Motzfeldt 47 kaptein sjølvstendepartiet
Artillerie-Corpset Hans Haslum 25 sersjant sjølvstendepartiet
Bergen Byes Deputerede Wilhelm Frimann Koren Christie 36 sorenskrivar sjølvstendepartiet
Bergen Byes Deputerede Frederik Meltzer 35 grosserar sjølvstendepartiet
Bergen Byes Deputerede Jens Rolfsen 49 grosserar sjølvstendepartiet
Bergen Byes Deputerede Jonas Rein 54 residerande kapellan sjølvstendepartiet
Søndre Bergenhuus Amt Arnoldus von Westen Sylow Koren 50 sorenskrivar sjølvstendepartiet
Søndre Bergenhuus Amt Georg Burchard Jersin 47 sokneprest sjølvstendepartiet
Søndre Bergenhuus Amt Brynjel Andersen Gjerager 53 gardbrukar sjølvstendepartiet
Nordre Bergenhuus Amt Lars Johannes Irgens 39 kanselliråd og sorenskrivar sjølvstendepartiet
Nordre Bergenhuus Amt Nicolai Nielsen 37 sokneprest sjølvstendepartiet
Nordre Bergenhuus Amt Peder Pedersson Hjermann 60 gardbrukar sjølvstendepartiet
Bergenhusiske Regiment Ole Elias Holck 40 kaptein ?
Bergenhusiske Regiment Niels Johannesen Loftesnæs 25 musketer sjølvstendepartiet
Buskeruds Amt Frederik Schmidt 43 prost sjølvstendepartiet
Buskeruds Amt Johan Collett 39 fut sjølvstendepartiet
Buskeruds Amt Christopher Borgersen Hoen 47 gardbrukar ?
Bratsberg Amt Severin Løvenskiold 37 kammerherre, amtmann unionspartiet
Bratsberg Amt Peder Jørgen Cloumann 67 justisråd unionspartiet
Bratsberg Amt Talleiv Olavsson Huvestad 53 gardbrukar unionspartiet
Christiania Georg Sverdrup 44 professor sjølvstendepartiet
Christiania Christopher Frimann Omsen 53 tollprokurator unionspartiet
Christianssand Nicolai Wergeland 34 residerande kapellan unionspartiet
Christianssand Ole Clausen Mørch 40 grosserar unionspartiet
Christians Amt Laurits Weidemann 39 sorenskrivar sjølvstendepartiet
Christians Amt Hans Jacob Stabel 45 sokneprest sjølvstendepartiet
Christians Amt Anders Lysgaard 58 gardbrukar sjølvstendepartiet
Christiansund John Moses 33 kjøpmann unionspartiet
Dramen Nikolai Scheitlie 61 forvaltar sjølvstendepartiet
Friderichshald Carl Adolph Dahl 45 kanselliråd, byfogd, sorenskrivar ?
Friedrichsstad Andreas Michael Heiberg 46 kanselliråd, byfogd sjølvstendepartiet
Hedemarkens Amt Claus Bendeke 51 amtmann sjølvstendepartiet
Hedemarkens Amt Andreas Aagaard Kiønig 43 sorenskrivar sjølvstendepartiet
Hedemarkens Amt Ole Olsen Evenstad 48 lensmann sjølvstendepartiet
Holmestrand Hans Hein Nysom 47 sokneprest sjølvstendepartiet
Jarlsberg Grevskab Herman Wedel-Jarlsberg 35 greve unionspartiet
Jarlsberg Grevskab Gustav Peter Blom 29 sorenskrivar unionspartiet
Jarlsberg Grevskab Ole Rasmussen Apeness 49 gardbrukar unionspartiet
Ingenieur Brigaden Henrik Frederik Arild Sibbern 29 kaptein sjølvstendepartiet
Kongsberg Poul Steenstrup 42 bergmeister og direktør for Kongsberg Sølvverk sjølvstendepartiet
Kragerøe Christian Hersleb Horneman 32 byfogd sjølvstendepartiet
Laurvig Christian Adolph Diriks 39 justisråd og sorenskrivar sjølvstendepatiet
Laurvigs Grevskab Iver Hesselberg 52 proprietær sjølvstendepartiet ?
Laurvigs Grevskab Anders Hansen Grønneberg 35 skipskaptein sjølvstendepartiet ?
Laurvigs Grevskab Ole Olsen Amundrød 43 gardbrukar sjølvstendepartiet
Lister Amt Gabriel Lund 39 kjøpmann sjølvstendepartiet
Lister Amt Jens Erichstrup 39 fut unionspartiet
Lister Amt Theis Jacob Thorkildsen Lundegaard 40 gardbrukar sjølvstendepartiet
Mandals Amt Osmund Andersson Lømsland 49 gardbrukar unionspartiet
Mandals Amt Erich Haagensen Jaabech 55 gardbrukar unionspartiet
Mandals Amt Syvert Omundsson Eeg 57 gardbrukar unionspartiet
Molde Frederik Motzfeldt 35 byfogd sjølvstendepartiet
Moss Gregers Winther Wulfsberg 34 byfogd
Nedenæs Amt Jacob Aall 41 jarnverkseigar unionspartiet
Nedenæs Amt Hans Jacob Grøgaard 50 sokneprest unionspartiet
Nedenæs Amt Thor Reiersen Lilleholt 34 lensmann unionspartiet
Nordenfjelske Infanteri Regiment Peter Blankenborg Prydz 38 kaptein sjølvstendepartiet
Nordenfjelske Infanteri Regiment Helge Ellingsen Waagaard 33 musketer
Norske Jæger Corps Palle Rømer Fleischer 33 kaptein unionspartiet
Norske Jæger Corps Niels Fredriksen Dyhren 36 korporal sjølvstendepartiet
Oplandske Infanterie Regement Diderich Hegermann 51 oberst sjølvstendepartiet
Oplandske Infanterie Regement Pål Torsson Harildstad 50 kommandersersjant sjølvstendepartiet
Porsgrund Jørgen Aall 43 grosserar sjølvstendepartiet
Raabøigelaugets Amt Thomas Bryn 32 sorenskrivar unionspartiet
Raabøigelaugets Amt Even Torkildsen Lande 56 gardbrukar unionspartiet
Raabøigelaugets Amt Olav Knutsson Tveiten 56 lensmann sjølvstendepartiet
Romsdals Amt Hilmar Meincke Krohg 38 amtmann sjølvstendepartiet
Romsdals Amt Jens Stub 50 prost unionspartiet
Romsdals Amt Elling Olsson Walbøe 51 gardbrukar unionspartiet
Røraas Bergkorps Richard Floer 47 kaptein
Smaalehnenes Amt Valentin Sibbern 35 major
Smaalehnenes Amt Peter Ulrik Magnus Hount 45 prost sjølvstendepartiet
Smaalehnenes Amt John Hansen Sørbrøden 39 gardbrukar sjølvstendepartiet
Schien Didrich von Cappelen 53 grosserar unionspartiet
Stavanger Bye Peder Valentin Rosenkilde 42 kjøpmann sjølvstendepartiet
Stavanger Amt Lars Andreas Oftedahl 33 sokneprest unionspartiet
Stavanger Amt Christen Mølbach 48 kjøpmann unionspartiet
Stavanger Amt Asgaut Olsen Regelstad 53 gardbrukar sjølvstendepartiet
Søe-Deffensionen Jens Schow Fabricius 58 kommandør sjølvstendepartiet
Søe-Deffensionen Thomas Konow 17 løytnant sjølvstendepartiet
Søe-Deffensionen Peder Johnsen 31 underoffiser sjølvstendepartiet
Søe-Deffensionen Even Thorsen 36 matros sjølvstendepartiet
Søndenfieldske Infanterie-Regiment Daniel Frederik Petersen 57 oberst sjølvstendepartiet
Søndenfieldske Infanterie-Regiment Ole Svendsen Iglerød 30 musketer sjølvstendepartiet
Søndenfieldske Dragon-Regiment Eilert Waldemar Preben Ramm 45 rittmeister sjølvstendepartiet
Søndenfieldske Dragon-Regiment Peder Paulsen Balke 35 korporal sjølvstendepartiet
Tellemarkske Infanterie Regiment Enevold Høyum 39 kaptein sjølvstendepartiet
Tellemarkske Infanterie Regiment Gullik Madssen Rød 28 kommandersersjant sjølvstendepartiet
Trondhjems Bye Andreas Rogert 60 etatsråd sjølvstendepartiet
Trondhjems Bye Peter Schmidt 32 grosserar unionspartiet
Søndre Trondhjems Amt Jacob Hersleb Darre 57 sokneprest
Søndre Trondhjems Amt Anders Rambech 47 sorenskrivar sjølvstendepartiet
Søndre Trondhjems Amt Lars Larsen Forsæth 55 klokkar sjølvstendepartiet
Nordre Trondhiems Amt Hans Christian Ulrik Midelfart 44 prost sjølvstendepartiet
Nordre Trondhiems Amt Hieronymus Heyerdahl 41 sokneprest sjølvstendepartiet
Nordre Trondhiems Amt Sivert Pålsson Bratberg 34 gardbrukar ?
Første Trondh. Inf. Regiment Georg Ulrich Wasmuth 26 kaptein sjølvstendepartiet
Første Trondh. Inf. Regiment Daniel Larsen Schevig 28 sersjant sjølvstendepartiet
Annet Trondhjemske regiment Jacob Erik Lange 47 kaptein
Annet Trondhjemske regiment Helmer Andersen Gjedeboe 28 sersjant sjølvstendepartiet ?
Trondhiemske Dragon Corps Frederik Hartvig Johan Heidmann 37 premierløyntnant sjølvstendepartiet
Trondhiemske Dragon Corps Petter Johnsen Ertzgaard 30 kvartermeister unionspartiet
Tønsberg Carl Stoltenberg 44 grosserar sjølvstendepartiet
Westerlenske Inf. Regiment Just Henrik Ely 55 major
Westerlenske Inf. Regiment Omund Bjørnsson Birkeland 28 underjeger unionspartiet
Øster Risøer Henrik Carstensen 61 kjøpmann, jarnverkeigar unionspartiet

Nordnorske representantar endre

 
Litografi av Bodø av Peter Frederik Wergmann frå rundt 1835, med Bodin kyrkje bak til venstre i bilete. Dei første valmannsvala fann stad 29. april mellom anna i Bodin kyrkje. Amtmann Christen Elster i Nordlands amt budde i Bodø.[8]

Det var ingen representantar frå dei nordnorske fylka (amta) til stades på Eidsvoll. Dette kom mellom anna av at kommunikasjonane var dårleg utbygd og reise- og post-tidene lange. Det er ikkje desto mindre også påvist at biskop Mathias Bonsach Krogh, som hadde fått ansvar for å setje i gang valprosessen av Kristian Fredrik, ikkje forhasta seg i dette arbeidet, men tvert imot skreiv til prinsregenten at val «ei nu kan skee i Nordlandene og Finmarken».[9]

Forseinkinga gjorde at amtmannen i Finmarken (no Troms og Finnmark) fekk meldinga om at det skulle haldast riksforsamling først fire dagar etter at denne var tredd saman. Vidare brev til sokna i landsdelen gjekk ut 14. mai med ordre om at det skulle veljast representantar til eit møte i Tromsø 24. juli–1. august for å velje eidsvollmenn frå amtet.

16. juli fekk amtmann Johan Caspar Krogh melding sørfrå om at Grunnlova var vedteke og at Kristian Fredrik var konge. Dette var alt for seint til å avlyse møtet. Krogh avgjorde å halde val likevel 1. august, men da til det første ordinære Storting, som var planlagt våren 1815. Dette var det aller første stortingsvalet i Noreg.[10]

Konflikta med Sverige leia til at heller ikkje dette valet fekk noka praktisk tyding. Etter Mossekonvensjonen av 14. august blei eit omframt Storting kalla inn til 7. oktober. Til Tromsø kom innkallinga ikkje før 20. oktober. Ein av de valde, gardbrukaren og tømraren Henrik Larsen Skjæret frå Balsfjord, drog straks av garde. Han kom så langt som til Bodø, men derfrå vendte han heim da han fekk vite at Stortinget alt hadde avslutta forhandlingane.

Dei tre som vart valde frå Finmarken var pastor Niels Drejer frå Hammerfest, handelsmann og distriktssjef i Kystvernet Lorenz Peter Jessen frå Klauva i Senja, og gardbrukaren Henrik Larsen Skjæret frå Balsfjord.[11] Sjølv om amtmannen hadde avgjort at desse tre skulle møte på det første ordinære Storting i 1815, vart dei aldri stortingsmenn. Det blei halde nye val neste år til dette Stortinget, og andre menn blei valde frå Finmarkens Amt: Johannes Henriksen Aas, Nils Normann og Wilhelm Henrik Klerck.

Situasjonen var noko annerleis i Nordland. Hit kom meldinga om at riksforsamlinga på Eidsvoll var avslutta såpass tidleg at amtmannen fann det nyttelaust å kalle inn til valmøte. Nordland var dermed det einaste amtet som ikkje valde utsendingar til grunnlovsforsamlinga.[12]

Kjelder endre

  1. akershus.kulturnett.no om Oscar (Arnold) Wergeland
  2. Eidsvollsmennenes plassering i salen frå Eidsvoll 1814
  3. Klassekampen 4. juni 2013.
  4. «Nord-Norge i 1814 - avskåret fra Eidsvoll». Arkivverket. Henta 28. juni 2015. 
  5. Grunnloven 1814 Arkivert 2012-02-14 ved Wayback Machine. frå Maihaugen
  6. Tallak Lindstøl, side 1 og 9
  7. Tallak Lindstøl, side 2 og 3
  8. Hanne Vandraas (2014). «Nordland - amtet som aldri holdt valg». I Jørn Holme. De kom fra alle kanter. Eidsvollsmennene og deres hus. Oslo: Cappelen Damm. s. 480. ISBN 978-82-02-44564-5. 
  9. Sitat frå biskopen sitt brev av 8. mars, sitert hos Kåre Hansen: «Derfor møtte ingen nordlendinger» , Aftenposten 22. april 2014; vitja 29. juni 2015.
  10. Sigrun Høgetveit Berg. «Innhaldsrikt Ottar med ny grunnlovsforsking». UiT Noregs arktiske universitet. Henta 29. juni 2015. 
  11. Kjelde for det meste av stoffet om dei nordnorske representantane er Bente Engelsen: «På tide å skrive om historien», Nordlys 12. mai 2012 og «Nord-Norge i 1814 - avskåret fra Eidsvoll» Arkivert 2015-09-05 ved Wayback Machine. frå Arkivverket
  12. Opplysning på eidsvollsmenn.no; vitja 28. juni 2015.

Litteratur endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikikilden:GrunnlovenWikikilden (frie originaltekstar)