Meet Me in the Morning

Meet Me in the Morning
Song av Bob Dylan
frå albumet Blood on the Tracks
Utgjeve Januar 1975
Innspelt 16. september 1974
Sjanger Blues
Lengd 4:22
Selskap Columbia
Låtskrivar(ar) Bob Dylan
Produsent Bob Dylan

«Meet Me in the Morning» er ein bluessong skriven av Bob Dylan, spelt inn i New York City den 16. september 1974 og gjeven ut på det 15. studioalbumet hans, Blood on the Tracks, i 1975.

Eit opptak frå 19. september 1974 av «Meet Me in the Morning» kom ut som B-sida til Record Store Day 2012-utgåva av Dylan-singelen «Duquesne Whistle» og på den enkle CD-utgåva og den doble vinylutgåva av The Bootleg Series Vol. 14: More Blood, More Tracks i 2018. Alle opptaka av songen kom ut på luksusutgåva av dette albumet.[1]

Den 19. september 2007 spelte Dylan songen på ei konsert for første gongen under ein konsert i Nashville. Med seg å scenen hadde han Jack White frå The White Stripes.[2]

«Meet Me in the Morning» vart nytta i filmen Away We Go.

Andre versjonar endre

Den amerikanske heavy metal-artisten Jason Becker spelte inn ein versjon av songen og gav han ut på albumet sitt Perspective (1995).

Den russiske rockemusikaren Mike Naumenko skreiv ein song kalla «Позвони мне рано утром», som var inspirert av denne Dylan-songen.[3]

Norsk versjon endre

Tom Roger Aadland skreiv ein nynorsk tekst til songen kalla «Kom i morgon tidleg». Denne gav han ut i 2009 på albumet Blod i spora.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre