Mefjorden på Senja

69°31′26.224″N 17°30′9.3384″E / 69.52395111°N 17.502594000°E / 69.52395111; 17.502594000

Mefjorden

Mefjorden er ein fjord på nordsida av Senja i Senja kommune i Troms. Fjorden strekkjer seg 15 km søraustover til Mefjordbotn.

Fjorden har innløp mellom Oksneset i vest og Gilbergneset i aust. Vest for Oksneset går Ersfjorden søraustover. På begge sidene av fjorden er det bratte, høge fjell, men berre vestsida av fjorden er busett. Her finn ein Mefjordvær og Senjehopen. Senjehopen ligg ved den djupe bukta Hopsvatnet som trengjer seg 1,5 km sørover.

Inst i fjorden ligg den 984 m høge Breidtinden, det høgaste fjellet på Senja.

Riksveg 862 går langs den indre delen av fjorden og ut på vestsida til botn av Hopsvatnet. Frå her går Fv252 nordover til Mefjordvær.