Opna hovudmenyen

Asiaskjeggfuglfamilien

(Omdirigert frå Megalaimidae)
Asiaskjeggfuglfamilien


Taiwanskjeggfugl, Psilopogon nuchalis Foto: Alder Share
Taiwanskjeggfugl, Psilopogon nuchalis
Foto: Alder Share
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Megalaimidae
Slekter
  • Calorhamphus
  • Asiaskjeggfuglfamilien er ein biologisk familie Megalaimidae av spettefuglar som lever i skogshabitat i den orientalske regionen. Dette er fargerike, små til mellomstore fuglar. Utbreiinga er sørlege Asia, men mangfaldet er konsentrert rundt Malayahalvøya og Sumatra.

    SkildringEndra

     
    Som hos dei fleste artar, utgjer frukt ein stor del av kosthaldet av svartbrynskjeggfugl.
    Foto: CharlesLam

    Familien inneheld mykje einskaplege artar av skjeggfuglar dominert av klår, grøn farge i fjørdrakta med markeringar på hovud og hals i andre kraftige farger. Stripeskjeggfugl, brunhovudskjeggfugl og har avvik frå dette mønsteret med bleik brunspreklete underside og hovud. Dei fleste har relativt stort hovud og tjukk, kort hals, kraftig nebb som kan vere litt nedkurva, fleire med 'bustefjører' rundt nebbet. Mange har ein stjert med middels eller relativt kort lengd, vengene ei avrunda form i flukt, og føtene er korte og ganske kraftige. To artar er klassifisert i ei eiga slekt Calorhamphus, og fråvikar med brunleg fjørdrakt i staden for grøn. Kjønna i begge slekter har stor sett likeins fjørdrakter.

    Eit fleirtal av artane har ei kroppslengd på i området 21-23 centimeter, den minste arten er fagerskjeggfugl, Psilopogon eximius med frå 15 cm i lengd, den største er himalayaskjeggfugl, Psilopogon virens, som kan bli opptil 35 cm og opp mot 295 gram. Begge dei to Calorhamphus-artane ligg på rundt 17 cm.

    Ein art, smedskjeggfugl, er tilpassa livet i utkanten av skog og inne i krattskog. Meir vanleg lever asiaskjeggfuglar inne i skogshabitat med lauvskog, og kan òg ha habitat i gjenreist eviggrøn, sekundærskog. Dei kan finnast frå lågland, nokre artar oppover i fjellsider mot ca. 2500 moh., himalayaskjeggfugl til 3000 moh. Dietten er generelt av frukt og spesielt frå fikenslekta. Nokre artar kan dessutan supplere virvellause dyr.

    Utbreiingsområdet for familien som heilskap er frå nordaustlegaste Pakistan, over heile indiske subkontinentet til Sør-Kina og sørover til Java og Bali. Eit par einskilde artar har vid utbreiing innanfor dette, både på fastlandet og på øyar, stripeskjeggfugl er eit døme. Andre artar er endemiske til avgrensa område, to artar er endemiske til Sri Lanka, og eit par er endemiske til mindre og defragmenterte område på Borneo.

    Asiaskjeggfuglar er holerugarar og grev ut reirplass i trestammar av daude tre. Begge i paret tar del i gravearbeid, ruging og omsut for ungane. Kullet kan vere på frå eit til seks egg. Rugetida er om lag to veker, det tar relativt lang tid til ungar er flygedyktige, etter ca. fem til seks veker.

    Caloramphus-artane er skildra som sosiale hekkefuglar med fleire par i same tre. Arten sotskjeggfugl, Caloramphus hayii, på Malayahalvøya og Sumatra, kan grave ut reirplassen sin i termittuer og einslege hjelparar kan bidra i hekketida.

    Det er generelt ikkje mykje kontakt mellom asiaskjeggfuglar og menneske, mange kan vere enklare å høre enn å sjå. Nokre artar, som himalayaskjeggfugl og stripeskjeggfugl raidar plantasjar og frukthagar, til dømes i India.

    Systematikk, taksonomiEndra

    Det er semje om at dei næraste slektningane åt skjeggfuglar er tukanar, og at desse to familiane er også nært knytt til voksetarar og spettar som til saman dannar ordenen Piciformes. Tidlegare var det òg semje om å handsame alle skjeggfuglar på tre kontinent som ein og same familie.[1] Rundt 2008 kom det ei endring i systematikken slik at asiatiske artar blei skilt ut til ein ny familie asiaskjeggfuglar, Megalaimidae, og dei afrikanske til afrikaskjeggfuglar, Lybiidae. Slekta Semnornis av amerikanske skjeggfuglar er òg gått ut av Capitonidae til sin eigen familie tukanskjeggfuglar, Semnornithidae.[2]

    Asiaskjeggfuglfamilien består av 2 slekter. Calorhamphus er to artar med med brunleg fjørdrakt. Psilopogon er per 2019 ca. 32 artar av grøne fuglar med kraftige farger og markeringar på hovud og hals. Denne slekta er skildra som einsarta,[1] med mogleg unntak av arten raudbustskjeggfugl, Psilopogon pyrolophus, som tidlegare var lista som ei monotypisk slekt.

    ArtslisteEndra

    Megalaimidae i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[3] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[4]

    Slekt Caloramphus
    • Sotskjeggfugl, Caloramphus hayii, Sooty Barbet, Gray, JE, 1831, (NT)
    • Brunskjeggfugl, Caloramphus fuliginosus, Brown Barbet, Temminck, 1830, (LC)


    Slekt Psilopogon

    Talet på artar i Psilopogon har auka frå 24 til 32 etter at asiaskjeggfuglfamilien fekk familiestatus, til dømes blei taksonet for svartbrynskjeggfugl, Psilopogon oorti, splitta opp i fire artar i 2010.[5]

    KjelderEndra

    Referansar
    1. 1,0 1,1 Short, L.L. & Horne, J.F.M. (2019). New World Barbets (Capitonidae). I del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta 4. mai 2019
    2. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (februar 2011), Updates & Corrections – December 2008, The Clements checklist of birds of the world: Pages 235-240, Family Capitonidae (Barbets) Cornell Lab of Ornithology. Henta 4. mai 2019
    3. Schulenberg T. S., M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, T. A. Fredericks, og D. Roberson (august 2018), eBird/Clements Checklist v2018 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 24. februar 2019 
    4. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)
    5. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (februar 2011), 2010 Updates & Corrections – February 2011, The Clements checklist of birds of the world: Version 6.5, Page 239, Black-browed Barbet Cornell Lab of Ornithology. Henta 4. mai 2019

    BakgrunnsstoffEndra

      Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Asiaskjeggfuglfamilien