Megameter
Megameter er ei SI-avleidd eining for måling av avstand. Éin megameter er lik 106 meter, éin million meter. Symbolet for megameter er Mm.
- Avstanden i luftlinje frå Oslo til Narvik er om lag 1 Mm.
- Jorda sin ekvatorialdiameter er 12,76 Mm.
- Den gjennomsnittlege avstanden frå Jorda til Månen er 384,4 Mm.
- Jupiter sin ekvatorialdiameter er 143 Mm.
Megameter vert i praksis lite brukt sidan måleininga er for stor for gjenstandar på jorda. Innan astronomien vert Mm noko brukt til t.d. å oppgi avstanden frå ein planet til planeten sine månar. Det er òg fare for forveksling med millimeter (mm) ettersom mange feilaktig skriv SI-prefikset M (mega) som m (milli).
1 megameter er lik:
Og motsett:
- 1 kilometer = 0,001 megameter
- 1 gigameter = 1000 megameter