Meisterligaen 2013 var den 21. årgangen av den viktigaste turneringa for europeiske fotballklubbar; UEFA Champions League. Den tyske klubben Bayern München vann turneringa den 25. mai 2013 på Wembley stadion i London med siger 2-1 over Borussia Dortmund, også det ein tysk klubb. I finalekampen gav Mario Mandžukić Bayern leiinga i 60. minutt, medan İlkay Gündoğan utlikna på straffespark åtte minuttar seinare. Arjen Robben vart matchvinnar kring fem minuttar før fløyta let. 86 298 tilskodarar var til stades på Wembley.

Lagoppstillingane i Meisterligafinalen 2013 - Bayern i raudt

Det var andre gongen Bayern München vann Meisterligaen.

FinalelagaEndra

Bayern München: Manuel Neuer, Philipp Lahm, Jérôme Boateng, Dante, David Alaba, Javi Martínez, Bastian Schweinsteiger, Arjen Robben, Thomas Müller, Franck Ribéry og Mario Mandžukić. Luiz Gustavo og Mario Gómez vart sende innpå i sluttminuttane.

Borussia Dortmund: Roman Weidenfeller, Łukasz Piszczek, Neven Subotić, Mats Hummels, Marcel Schmelzer, Sven Bender, İlkay Gündoğan, Jakub Błaszczykowski, Marco Reus, Kevin Großkreutz og Robert Lewandowski. Julian Schieber og Nuri Şahin kom innpå i sluttminuttane.

Dommar på Wembely var Nicola Rizzoli frå Italia.

KjelderEndra