Melanie Chisholm

britisk songar
(Omdirigert frå Melanie C)

Melanie Jayne Chisholm (fødd 12. januar 1974), betre kjent som Melanie C eller berre Mel C, er ein engelsk songar, låtskrivar, skodespelar, dansar, forretningskvinne, TV-personlegdom og treningsmodell. Ho er ein av dei fem medlemmane i bandet Spice Girls, der ho hadde kallenamnet «Sporty Spice».

Melanie Chisholm

Melanie C opptrer på «Night of the Proms 2017» i Mannheim i Tyskland.
Fødd12. januar 1974 (50 år)
FødestadWhiston i Merseyside
FødenamnMelanie Jayne Chisholm
AliasMelanie C
Mel C
Sporty Spice
OpphavStorbritannia
Aktiv1994 til i dag
SjangerPop, dansepop, poprock
Tilknytte artistarSpice Girls, Bryan Adams
PlateselskapVirgin Records
Red Girl Records
Verka somsongar, låtskrivar, skodespelar, dansar, forretningskvinne, TV-personlegdom, treningsmodell

Med Spice Girls har Chisholm selt over 100 millionar plater i heile verda.[1] Som soloartist har ho selt over 20 millionar plater.[2][3][4] Den første songen ho gav ut var ein duett med Bryan Adams, «When You're Gone». I 1999 gav ho ut det første studioalbumet sitt, Northern Star, som har vorte selt i 4 millionar eksemplar. Chisholm har gjeve ut fem andre album og har vorte nominert til både Brit Awards og musikkprisen ECHO. Ho er i dag den kvinnelege artisten med nest flest førsteplass-singlar i Storbritannia.

Personleg liv endre

Chisholm har vore open om kampen sin med klinisk depresjon[5] og spiseforstyrringar, som ho har opplevd fleire gonger i løpet av livet sitt.[6] Den yngre halvbroren hennar, Paul O'Neill, er ein racerførar.

Chisholm var i eit forhold med eigedomsutviklaren Thomas Starr. Chisholm fødte ei dotter, Scarlett, den 22. februar 2009 på Portland Hospital i London.[7]

Chisholm er òg ein tilhengar av Liverpool FC. Ho har 12 tatoveringar.[8]

Diskografi endre

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. «Simon Fuller and Judy Craymer plan Spice Girls musical». BBC News. 21. januar 2010. Henta 26. oktober 2011. 
  2. Anna Matheson (24. februar 2016). «Mel C shares her diet and fitness secrets (and you can try them at home!)». Good to Know. 
  3. «Spice Girls». This Day in Music. 
  4. «Melanie C». Peer Music. 
  5. «Mel C 'depressed'». BBC. 18. desember 2007. 
  6. «Sporty Spice battles with eating disorders and depression». Contact Music. 18. desember 2007. 
  7. «Spice Girl Mel C has a baby girl». BBC. 
  8. "Lucky Number 11", Perez Hilton hjemmeside.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Melanie Chisholm
  Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.