Melderskin er ein fjelltopp i Kvinnherad kommune i Vestland. Fjellet, som strekkjer seg 1426 meter over havet, ligg like bak Baroniet Rosendal. Fjellet vert ofte kalla «Dronninga av Sunnhordlandsfjella». Einskilde seier også «Dronninga av Hordalandsfjella».

Melderskin
fjell
Melderskin
Land  Noreg
Område Kvinnherad (Vestland)
Høgd 1 426 moh.
Kart
Melderskin
60°00′23″N 6°04′54″E / 60.0065°N 6.08153°E / 60.0065; 6.08153
Wikimedia Commons: Melderskin
Melderskin (t.v.) ragar høgt over Rosendal. Saman med Laurdal og Laurdalstind utgjer Melderskin ein vidgjeten fjellformasjon.

Namnet stammar truleg frå dei norrøne orda melder, som tyder «korn som vert male til mjøl» og skin som tyder «glans» eller «skin». Tydinga blir då «fjellet med eit skinande snølag på toppen».

Løypa endre

Melderskin inngår i Fjelltrimmen, som Turgruppa i Rosendal Turnlag har arrangert kvart år sidan 1979. Frå kring påsketider til 1. november skal deltakarane gå til topps på fem fjell kring Rosendal. I tillegg til Melderskin, er Skaalafjell (501 meter over havet), Malmangernuten (890 m), Nordlifjell (972 m) og Skeisfjell (1037 m) med[1]. Løypa er T-merka frå parkeringsplassen på Kletta. Det er vanleg å rekna 3-4 timar opp.

Sommaren 2015 jobba fire sherpaer frå landsbyen Khunde i Nepal på Melderskin. Dei bygde då ny sti utanom det rasfarlege Skardsklyp, frå 790 meter over havet til 880 meter. I alt laga dei 256 trappetrinn i det bratte området. Det vart berre nytta lokal stein. I mai og juni 2016 var så fire andre sherpaer på Malmangernuten. Dei laga 591 trappetrinn i det brattaste partiet der[2].

På veg til toppen passerer ein landemerke som utsiktspunktet Skardshaug (880 meter) og det flate partiet Holo med sitt gode drikkevatn. Ein går også ved foten av Heimste Melderskin (1328 meter).

Varden endre

Varden på Melderskin er freda. Han er med i den nasjonale verneplanen for kart og oppmåling som vart fullført kring 2011. Den 2,2 meter høge, firkanta varden vart bygd i 1913 i samband med dei geometriske målingane som kaptein J. Meinick leia. Før den tid stod det ein rund varde på topplatået. Den vart truleg sett opp i 1899. Truleg vart det også laga varde i 1856 då kaptein Johannes Falkenberg utførte geografiske målingar på Melderskin.

 
Den gamle varden på Melderskin, fotografert av S. Kannelønning i 1905.

Varden er såkalla 1. ordens hovudpunkt innanfor Voss-Hardangernettet. Frå toppen skal ein kunne sjå 13. andre 1. ordens punkt, noko som er sjeldsynt mange. Det vanlege er sagt å vera 6-7 andre punkt. Varden sin nordlege geodetiske verdi er 60 grader 00' 22.34. Det betyr at staden berre ligg 690 meter nord for den 60. breiddegrad. Dermed er det derifrå akkurat dobbelt så langt til Ekvator som til Nordpolen. Nøyaktig høgde på Melderskin er målt til 1425,565 meter[3].

Ymse endre

I området kring Melderskin finst steinsorten som ber namnet Melderskin-granitt.

I 1997 gav lokalhistorikaren Kaare Skaala ut eit hefte om Melderskin, «I ætt med æva».

I 2015 skreiv 1754 personar seg inn i vardeboka på toppen, noko som var ny rekord.

 
Varden på Melderskin er freda. Han vart bygd i 1913.

Kjelder endre

  1. Rosendal Turnlag heimeside
  2. Rosendal Turnlag heimeside
  3. Grenda (lokalavis) 2. juni 2012

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Melderskin