Melkøya

øy i Hammerfest i Finnmark

70°41′19″N 23°35′54″E / 70.68861°N 23.59833°E / 70.68861; 23.59833 Melkøya er ei øy utanfor Hammerfest i Finnmark. På øya er bygt eit industrianlegg for mottak og prosessering av naturgass frå Snøhvitfeltet i Barentshavet. Anlegget vert kalla Snøhvit LNG. Gassen vert send i ein 160 km lang gassrøyrleidning til Melkøya. På Melkøya vert gassen prosessert og konvertert til nedkjølt flytande form (LNG). Gassen vert så eksportert i spesialbygde skip. Statoil ASA er operatør for utbygginga.

Gassanlegget på Melkøya i juni 2012

Anlegget vart sett i drift hausten 2007. Den første skipslasta med 145 000 kubikkmeter flytande gass gjekk frå Melkøya den 20. oktober i 2007 med skipet Arctic Princess.