Mellomalderen

(Omdirigert frå Mellomalder)

Mellomalderen er nemninga på ein periode mellom førhistorisk tid og nyare tid som vert avgrensa ulikt ettersom kva for land eller område det er tale om, og i kva fag omgrepet vert nytta. I generell europeisk historie er mellomalderen vanlegvis rekna som tidsrommet frå antikken til renessansen, i nordisk samanheng frå kristninga på midten av 1000-talet fram til reformasjonen midt på 1500-talet, altså ein seinare og mykje stuttare tidsbolk.

Scener frå ein jordbrukskalender i eit manuskript av Pietro Crescenzi frå rundt 1306.
Bondeopprør i mellomalderen.

I Noreg er det vanleg å definere mellomalderen til tida frå 1030, då slaget på Stiklestad skal ha gått føre seg og ha ført til den endelege kristninga av Noreg, og fram til reformasjonen i 1536, altså den tida då den romersk-katolske kyrkja var Noregs offisielle kyrkje — sjå nedanfor. Men om dette er ei nyttig og rett inndeling, vert stendig diskutert i fagkrinsar. I somme høve vert vikingtida, som er den siste parten av førkristen tid, rekna med til mellomalderen.

Omgrepet «mellomalderen» var lenge negativt ladd. Sjølve det å berre stå som ein fyllperiode er ikkje så gjævt; i tillegg kalla ein gjerne tida «den mørke mellomalderen» for å verkeleg visa kor uopplyste, overtruiske og barbariske folk var på denne tida. I nyare tid har historikarane òg trekt fram mange positive trekk ved tidsrommet, og ein kallar det sjeldan «mørkt» lenger.

Omgrepet Mellomalder skriv seg frå den italienske historieskrivinga i renessansen. Ordet vart først nytta av Flavio Biondo, for å markere ei tredeling av italiensk historie. Tanken om «mørk mellomalder» vart sett fram av diktaren Francesco Petrarca, og denne historieforståinga har hatt gjennomslag mest over heile Europa, sjølv om den klassiske tredelinga (antikken/mellomalderen/nytida) skriv seg frå italienske tilhøve.

Periodar endre

Overgangen frå antikk tid til tidleg mellomalder var prega av folkevandringar, der særleg grupper av germanske stammar drog rundt i Europa og skapte uro. Vestgotarane plyndra Roma for første gong i 475, noko som innebar slutten for Vestromarriket. Ein kallar midtperioden i mellomalderen høgmellomalderen, og seier at han starta med kroninga av Karl den store i 800.

Den siste delen av tidsrommet kallar me seinmellomalderen, som starta om lag då Thomas Aquinas gav ut verket sitt Summa Theologica i 1273.

Alternativ periodeinndeling endre

Etter vanleg rekning tek mellomalderen til om lag samstundes med at Romarriket fall i 476. Tidleg mellomalder strekkjer seg då frå om lag 500 og dekkjer tida frå folkevandringane fram til vikingferdene tek slutt, om lag 1100.

Høgmellomalderen er rekna som samanfallande med gotikken, og tek då til i 1100, og dekkjer tidsrommet frå då og fram til 1350.

Til vanleg kan ein og seia at seinmellomalderen byrjar om lag 1350, med Svartedauden. Denne tidbolken varar til om lag 1500, då dei store sjøferdene tek til. Seinmellomalderen var på mange vis rekna som nedgangstid, og det er stor overlapping mellom denne tidbolken og renessansen.

Mellomalderen i Noreg endre

Ein reknar gjerne med at den norske mellomalderen starta i år 1030, då landet blei kristna, og varte til reformasjonen i 1536.

Sjå au endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Mellomalderen
  Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.