Prestebordgods

(Omdirigert frå Mensalgods)

Prestebordgods eller mensalgods var jordeigedommar – gardar og gardpartar – som var med å finansiere presteembetet. Presten kunne sjølv bruke jorda, eller han kunne få bygsel og landskyldinntekter frå ein leiglending.

Frå reformasjonen til 1814 var om lag tidelen av all norsk jordeigedom prestebordgods. Med lover 1. august 1821 nr. 2 «angaaende de Nordlandske Kirkers Salg» og 20. august 1821 «angaaende det beneficerede Gods» vart bygselledige gardar i prestebordgodset bodne fram for sal, og det meste av prestebordgodset utanom prestegardane vart selt i løpet av dei neste 30 åra.

Prestebordgodset var ein del av kyrkjegodset som vart bygd opp i løpet av mellomalderen. Ein annan del av kyrkjegodset var gardar og gardpartar som skulle finansiere dei lokale kyrkjebygga.

Den delen av kyrkjegodset som høyrde til stiftet (biskopen) eller til kloster, vart lagt inn under krongodset etter reformasjonen.

Kjelder endre