Mensjikovpalasset

Mensjikovpalasset (russisk Меншиковский дворец) er eit barokk byggverk i St. Petersburg, som ligg på Universitetskaja-kaiane ved Bolsjaja Neva på Vasiljevskijøya. Palasset var den første steinbygninga i byen. Sidan 1981 har det vore eit offentleg museum, som ein del av Eremitasjen.

Mensjikovpalasset

ArkitektGiovanni Maria Fontana, Gottfried Schädel
Opna1711
StilPetrine Baroque
Kart
Mensjikovpalasset
59°56′20″N 30°17′45″E / 59.938888888889°N 30.295833333333°E / 59.938888888889; 30.295833333333

Palasset vart bygt frå 1710 som residens for guvernøren i St. Petersburg, generalen Aleksandr Mensjikov. Bygget vart teikna av den italienske arkitekten Giovanni Maria Fontana, seinare av den tyske arkitekten Gottfried Schädel. Palasset vart opna i 1713, men bygginga heldt fram til 1727, då Mensjikov og familien hans vart forvist til Sibir og eigedomen konfiskert.

I 1731 vart ein kadettskule etablert, og som tok i bruk palasset og eit nabobygg. På slutten av det 19. hundreåret vart Mensjikovpalasset restaurert og museum for kadettkorpset. I 1924 vart museumsssamlingane flytta til Eremitasjen og andre museum. Perioden 1956-1981 vart palasset restaurert enno ein gong, og opna for publikum som ein del av Eremitasjen med ei samling av russisk kunst frå seint 17. og tidleg 18. hundreår.

Kjelder endre