Ein meromiktisk innsjø har lag med vatn som ikkje blandar seg. Vassmassane nærast botn i ein slik sjø inneheld ikkje løyst oksygen. Botn-sedimentet i meromiktiske sjøar er daudt og uforstyrra på grunn av mangelen på levande organismar. Det øvste vasslaget som har ein viss grad av sirkulasjon blir kalla miksolimnion, mens den permanent stilleståande vassmassen blir kalla monimolimnion. Desse er skilde av kjemoklin, som er det området der forskjellen i saltinnhaldet varierer sterkast.[1]

I nokre sjøar finn ein bakteriar som nyttar svovel-samanbindingar i fotosyntesen.

Det er truleg fleire årsaker til slike sjøar

  • sjøen har eit stort djup og bratte sider i forhold til overflata
  • det nedste laget har eit høgt innhald av salt og har difor større tettheit enn laga over

Norske døme endre

Nokre meromiktiske innsjøar i Noreg er

Kaspihavet og Svartehavet blir òg rekna som meromiktisk.

Kjelder endre

  1. Store norske leksikon, meromiktisk innsjø

Bakgrunnsstoff endre

Litteratur