Mersinbukta (tyrkisk Mersin Körfezi) er ein av dei breiaste buktene i Tyrkia. Ho ligg nordaust i Det levantinske havet mellom İskenderunbukta og Antalyabukta. Det levantinske havet er den austlegaste delen av Middelhavet.

Mersinbukta ligg mellom Taşucu i vest og Karataş i aust.[1][2] Avstanden mellom desse to stadane er om lag 115 km. Byen Mersin ligg ved kysten midtvegs mellom dei to punkta. Totalt dekkjer bukta kring 2 300 km2 og på det djupaste er bukta 365 meter. Den vestlege delen av bukta er noko djupare enn den austlege.

Dei to største elvane som munnar ut i bukta er Göksu i vest og Berdan og Seyhan i aust. Det er òg fleire mindre elvar som Alata, Limonlu, Tece, Mezitli og Müftü som munnar ut i bukta. Dei mindre elvane har som regel stor variasjon i vassføringa.

Den største byen ved bukta er Mersin som er ein av dei større byane i Tyrkia. Hamna er ei av dei største i Tyrkia og vert hovudsakleg nytta til eksport av varer.

Kjelder endre

  1. Faik Sabri Duran, Büyük Atlas (İstanbul: Kanaat Yayınevi, 2001; ISBN 975-7537-04-7).
  2. Türkiye Turizm Atlası 2009 (İstanbul: Boyut Yayıncılık, 2009; ISBN 978-975-23-0634-9).