Mesittar
Brunvengmesitt, Mesitornis variegatus
Brunvengmesitt, Mesitornis variegatus
Utbreiing
Utbreiinga av Mesittar
Utbreiinga av Mesittar
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Megaklasse: Beinfiskar Osteichthyes
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Columbimorphae
Orden: Mesitornithiformes
Familie: Mesittar Mesitornithidae
Wetmore, 1960

Mesittar (Mesitornithidae) er ein biologisk familie av tre fugleartar med usikkert slektskap til andre familiar. Dei er små, nesten utan flygeevne, endemiske til Madagaskar. Vanlegvis er dei brunaktig med bleikare underside, noko fasanliknande utsjånad, og dei vart opphavleg plassert i ordenen Galliformes, hønsefuglar, seinare i Gruiformes, tranefuglar, men i nyare tid i sin eigen orden Mesitornithiformes.[1] Dei er einaste familien med meir enn to artar der alle artar er truga, og alle tre er oppført som sårbare.

Biologi endre

 
Krumnebbmesitt Monias benschi
Foto: Ben Rackstraw

Dette er skogs- og krattfuglar som beitar på insekt og frø. Dei har korte, runde venger og mykje kraftige bein og føter. Kroppslengda er ca. 30 cm, av det gjer halen ut for rundt halvparten. Hovudet synast ganske lite i forhold til kroppen. Mesittar held ryggen parallelt med bakken, berre krumnebbmesitt kan nokre gonger bere hovudet litt høgare enn resten av kroppen. Generelt flyg fuglar av alle dei tre artane sjeldan, helst berre når fare truar, eller for å finne ein trygg kvileplass i eit tre. Flygekapasiteten er dårleg, dei flyg sjeldan meir enn 20 til 30 meter.

Brunmesitt og brunvengmesitt beitar på bakken, plukkar insekt under lauvverk og frå blada, og dessutan frå låg vegetasjon. Krumnebbmesitt brukar det lange nebbet til å søkje i jorda. Andre fuglar som drongoar og flugesnapparar følgjer mesittar for å fange insekt som vert skremt opp. Mesittar er vokale fuglar, med lydytringar som liknar song frå sporvefuglar, og blir brukt til å hevde territorium. To eller tre kvite egg blir lagt i ein reir gjort av trepinnar i ein busk eller på ei låg grein[2]. Krumnebbmesittar er polygame og i motsetnad til dei to andre artane syner dei monaleg kjønnsdimorfisme. Dei to andre mesittartene er monogame.

Taksonomi endre

Historisk har mesittar vore plassert saman med duer og fossekallar. Medan sistnemnde er absolutt feil, er det ein indikasjon på at dei faktisk kan vere tettare, men ikkje så veldig tett, relatert til duefuglar.[3] Det er gjort framlegg om at kagu og solrikse òg kan vere ikkje alt for fjerne slektningar. Desse to er no plasserte i sin eigen orden Eurypygiformes, og alle har tilsynelatande opphav i Gondwana. Kagu og solrikse, som mesittar, er blant dei relativt få fuglane som har dunfjør. Om data ymtar om ein mogleg samanheng mellom «uvanlege tranefuglar», og moglegvis duer, er det slett ikkje robust nok grunnlag til å trekkje ein sikker konklusjon. I motsetnad til med hoatzin, er det gjennomført lite fylogenetisk forsking på mesittar.

DNA-studie av Hackett eit al.[3] peiker mot at mesittar er ei systergruppe av duer, og noko meir fjernt nærskyldt til sandhøns, tropikkfuglar, dykkarar og flamingoar.

Artsliste endre

Slekt Mesitornis

  • Brunvengmesitt, Mesitornis variegatus, White-breasted Mesite, VU, Geoffroy Saint-Hilaire, 1838
  • Brunmesitt, Mesitornis unicolor, Brown Mesite, VU, Des Murs, 1845

Slekt Monias

  • Krumnebbmesitt, Monias benschi, Subdesert Mesite, VU, Oustalet & Grandidier, 1903

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (februar 2011). «The Clements checklist of birds of the world - Updates & Corrections – February 2011». Cornell Lab of Ornithology. Henta 2. januar 2011. 
  2. Archibald, George W. (1991). Forshaw, Joseph, red. Encyclopaedia of Animals: Birds. London: Merehurst Press. s. 100–101. ISBN 1-85391-186-0. 
  3. 3,0 3,1 A Phylogenomic Study of Birds Reveals Their Evolutionary History, Shannon J. Hackett et al., SCIENCE VOL 320 27 JUNE 2008

Bakgrunnsstoff endre