Meslingar
Opprydding: Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. |
Meslingar (Morbilli) - òg kalla kregda eller kregdå [1][2] - er ein barnesjukdom med utslett. Meslinger vert skulda meslingevirus, og er den alvorlegaste barnesjukdomen. Som med andre barnesjukdomar, kan òg vaksne smittast og verta sjuke. Vaksine mot meslinger vart introdusert i Noreg i 1969 og vart kombinert med vaksinar mot raude hundar og kusma i 1983 (MMR-vaksinen)].[3] Det er større risiko for å få meslinger ved reising.
Det vert vaksinert mot sjukdomen i barnevaksinasjonsprogrammet fordi den kan gje alvorlege komplikasjonar som lungebetennelse, bronkitt, Øyrebetennelse, hjernebetennelse, varige skadar og død. Helseorganisasjonen i verda (WHO) anslår at det i 2000 var 30–40 millionar tilfelle av meslinger, derav 777 000 dødsfall.
FørekomstEndra
Dei fleste barn vert vaksinert, men viruset er særs smittsamt, og dekningsgraden av vaksine varierer geografisk. Sjukdomen opptrer difor i dag oftast som sporadiske tilfelle med mindre lokale utbrot i enkelte delar av folkesetnaden som av einkvan grunn ikkje er vaksinert. I Noreg kan det henda at barn av innvandrarar ikkje er vaksinert i heimlandet. Enkelte miljø med skepsis mot vaksinar kan òg ha barn som er uvaksinerte. Pasienten er mest smittsamt 4–6 dagar før og etter utslettet bryt ut.
ReferansarEndra
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Meslinger» frå Wikipedia på bokmål, den 14. oktober 2018.