Ein metallisk leiar er ein elektrisk leiar av metall i fast eller flytande form. Leiinga føregår ved elektron som er laust bunde til dei einskilde atoma og kan røre seg forholdsvis fritt inne i metallet, omtrent som molekyl i ein gass. Desse elektrona finn seg energimessig i eit leidningsband, i motsetnad til dei elektrona som er sterkare bundne, og kan reknast som knytte til atomkjernar.

Karakteristisk for metalliske leiarar er stor leiingsevne. Ved romtemperatur (20 °C) er t.d. konduktiviteten for sølv 6,1 · 107 S/m, for kopar 5,8 · 107 S/m, for bly ca. 4 · 105 S/m og for kvikksølv ca. 1 · 105 S/m Konduktiviteten for metalliske leiarar minkar når temperaturen aukar. Dette kan forklarast ved at rørslene til elektrona blir forstyrra av varmerørslene til metallatoma.

Kjelder endre