Mette Hanekamhaug

norsk politikar

Mette Hanekamhaug (fødd 4. juni 1987 i Molde) er ein norsk politikar frå Framstegspartiet. Ho vart vald inn på Stortinget frå Møre og Romsdal i 2009, og er dermed Stortingets yngste representant.[1] Ho er medlem i Stortingets kyrkje-, utdannings- og forskingskomité.

Mette Hanekamhaug

Fødd4. juni 1987 (36 år)
Molde kommune
Statsborgar avNoreg
PartiFramstegspartiet
Yrkepolitikar, kommunikasjonsrådgiver
Utdanna vedHandelshøyskolen BI
Universitetet i Oslo
Alle verv

Hanekamhaug gjekk først medier og kommunikasjon ved Romsdal VGS. Ho er seinare utdanna marknadsøkonom og innan PR og kommunikasjonsleiing frå Handelshøgskolen BI. I tillegg har ho ex.phil., ex.fac. og kurs i tverrkulturell kommunikasjon frå Høgskolen i Telemark. Hanekamhaug var prosjektmedarbeidar i d:mo i 2003, butikkmedarbeidar i Til Bords 2004–2006, og medarbeidar i JCP eventbyrå 2008–2009.

Ho var formann i Molde FpU 2003–2005. Studieleiar i Møre og Romsdal FpU 2004–2005, politisk nestformann 2005–2006, og formann i 2006. Hospitant i stortingsgruppa til Framstegspartiet 2007–2008. Medlem av Møre og Romsdal fylkesting og varamedlem av Molde kommunestyre frå 2007 til innvalet på Stortinget.

21. september 2009, under finteljinga av stemmene frå stortingsvalet, vart det meldt at Hanekamhaug likevel ikkje hadde fått plass på Stortinget, men at Møre og Romsdals utjamningsmandat heller gjekk til Torgeir Dahl (H). Om lag ein time seinare viste dette seg å vere ein reknefeil frå Telemark som hadde gjort utslaget, og Hanekamhaug var dermed inne på Stortinget att.[2][3]

Stortingskomitear endre

Kjelder endre

  1. Arne Rovick. «Mette (22) yngst på tinget», TV 2 Nyhetene, 15. september 2009
  2. Mads A. Andersen og Ingunn Andersen. «Mette Hanekamhaug inne likevel», Verdens Gang, 21. september 2009
  3. Mads A. Andersen og Ingunn Andersen. «Geir Mo om Hanekamhaug-kaos: - Forundret og rystet», Verdens Gang, 21. september 2009

Bakgrunnsstoff endre