Michael Schulte (fødd 17. juli 1963) er professor i nordisk språkvitskap og runolog ved Universitetet i Agder (UiA).

Michael Schulte
Fødd17. juli 1963
Aachen
Yrkeakademikar
InstitusjonarUniversitetet i Agder
Alma materUniversitetet i Bonn
MedlemDet Kongelige Norske Videnskabers Selskab

Han er fødd i Aachen i Tyskland.

Karriere

endre

Michael Schulte sine forskingsinteresser omfattar nordisk språkhistorie, runologi, skriftsystem og ortografi, og dessutan kognitiv grammatikk. Doktoravhandlinga hans har tittelen Grundfragen der Umlautphonemisierung og er utgjeven som supplementsbind 17 i Reallexikon der Germanischen Altertumskunde (Berlin, New York: De Gruyter, 1998).

Schulte har publisert meir enn 100 internasjonale bidrag i profilerte tidsskrift innanfor runologi, germansk språkhistorie, historisk sosiolingvistikk og skriftsystem (sjå databasen CRIStin). Han er visepresident av International Society for Dialectology and Geolinguistics (ISDG) og professor-II ved Islands Universitet.[treng kjelde]

Medlem av vitskapsakademi

endre

Schulte er medlem av fleire nordiske vitskapsakademi: Det Kongelege Norske Videnskabers Selskab (DKNVS) i Trondheim, Kungl. Gustav Adolfs Akademien för Svensk Folkkultur, og Agder Vitskapsakademi (AVEA). I 2023 vart han vald inn som ”Fellow” i Royal Historical Society, og i 2024 i Academia Europaea.[1] Schulte er ein internasjonal samarbeidspartnar av Akademi-prosjektet Runische Schriftlichkeit in den germanischen Sprachen – Runic Writing in the Germanic Languages (RUNAST) i Tyskland, som er eit 16-årig forskingsprosjekt leida av Akademie der Wissenschaften zu Göttingen.

Michael Schulte er òg styremedlem i SEKEM Scandinavia sidan 2008.

Prisar og utmerkingar

endre

Michael Schulte fekk i 2014 Fridtjof Nansens belønning for fremragende forskning (Nansenfondet), historisk-filosofisk klasse, for arbeidet sitt innan germansk og eldre nordisk språkhistorie.[2]

Kjelder

endre
  1. «Schulte Michael». ae-info.org. Academy of Europe. Henta 2. juni 2024. 
  2. «Michael Schulte». Universitetet i Agder. Henta 2. juni 2024.