Opna hovudmenyen

Michael Smith

Norsk landmålar og krigskommissær

Michael Smith (177525. november 1849) var ein norsk landmålar, krigskommissær og stortingsmann frå Stavanger.

Michael Smith
Fødd 1775
Død

25. november 1849

Yrke embetsmann, politikar

Smith var fenrik ved Vesterlehnske infanteriregiment frå 1792, perioden 1801 til 1811 steig han i gradane frå sekondløytnant til major. Åra 1797-1800 arbeidde han som landmålingskonduktør i Stavanger amt. Etter å ha teke landmålareksamen i 1800 deltok han 1801-02 i festningsarbeid i Kristiansand. Dei neste tre åra var han tilsett i Nedenes og Råbygdelagets amt. I 1805 reiste han til Island der han styrte den geografiske kyst- hamneoppmålinga på øya. På heimereisa vart han teken til fange av eit britisk orlogsfartøy. Han sat i kort tid fanga i Skottland, alt hans samla materiale på Island vart han fråteke.

Vel heime i Noreg vart Smith sett til å taksere og skifte det benefiserte godset i Trondhjems stift. Frå 1814 hadde han same oppgåva for Kristiansand stift. To år seinare vart han amtskonduktør i Stavanger stift. Han var frå 1819 sjø- og landkrigskommissær i Stavanger amt, frå 1835 i Kristiansand stift.

Smith representerte byen Stavanger på Stortinget i 1818. Han var medlem av 13 komitear, formann i komiteen om Krokskogen allmenning. I 1835 var han medlem av ein kongeleg kommisjon om utskifting.

Han døydde i Kristiansand.

KjelderEndra