Michelinguiden, òg kalla Guide Michelin eller Guide Rouge, er ein serie med bøker med raudt omslag som vert gjevne ut årleg av den franske bildekkprodusenten Michelin. Serien inneheld mellom anna tilrådingar av gode resturantar og hotell for folk på reise, framfor alt på reise med bil. Guiden vart gjeven ut første gongen i 1900 i Frankrike av brørne André og Edouard Michelin for å hjelpe bilistar å finne vegen, få service til bilen og eit hotell å sove på. Med tida er guiden utvida til fleire område og land i Europa, og deretter andre stader i verda. Noreg er ein del av den engelsksprålige delen The Michelin Guide Nordic Countries.

Michelinguiden


Skipa1900
Grunnleggjar(ar)André Michelin
Nettstadhttps://guide.michelin.com/en (engelsk)

Guiden er best kjend for å gi fine restaurantar éin, to eller tre stjerner. Dette blir gjort ved at inspektørar vert sendt ut i løyndom for å bedømme smaken og kvaliteten på maten, utvalet og kvaliteten på vin, personalet sin kunnskap og opptreden, serveringslokalet etc. Berre maten karakteriserast med stjerner; dei andre tilhøva ved serveringsstaden markerast på anna vis i guiden. Å ha éi eller fleire stjerner vert rekna som høg status i restaurantbransjen.

Stjerneverdiar endre

  • éi stjerne - «Ein svært bra restaurant i sin kategori»
  • to stjerner - «Usedvanleg bra matlaging, verdt ein omveg»
  • tre stjerner - «Utruleg bra kjøken, verdt ei eiga reise»
Stjernerestaurantar i Noreg (2011)[1] Tal stjerner
Feinschmecker i Oslo *
Le Canard i Oslo *
Restaurant Oscarsgate i Oslo *
Statholdergaarden i Oslo *
Stjerne-restaurantar kan markere seg med ein plakett på veggen. Plakett på ein restautrant i Paris med ei stjerne for året 2017.

Kjelder endre

  1. «Verdens Gang». Henta 17. mars 2011. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Michelinguiden