Michelle Obama

amerikansk advokat

Michelle LaVaughn Robinson Obama[1] (fødd 17. januar 1964) er ein amerikansk advokat og samfunnsaktivist. Ho var førstedame i USA i åra 2009-2017.

Michelle Obama

Fødd17. januar 1964 (60 år)
Chicago
Statsborgar avUSA
PartiDet demokratiske partiet i USA
Yrkeadvokat, skribent, politikar, podkastvert
InstitusjonarPrinceton University
Utdanna vedPrinceton University
Whitney M. Young Magnet High School
Harvard Law School
Woodlawn High School
Livingston High School
Marymount University
MorMarian Shields Robinson
FarFraser C. Robinson III
EktefelleBarack Obama
BarnMalia Obama, Sasha Obama
MedlemNational Honor Society
Trinity United Church of Christ
American Academy of Arts and Sciences
Verv20092017
Alle verv
  • USAs førstedame (2009–2017)
  • attorney at law
  • styremedlem
  • attorney at law
  • dekan (1996–)
  • administrerende direktør (2002–2005)
  • visepresident (2005–)
  • styremedlem (–2007)
  • styremedlem Sjå dette på Wikidata

Ho er ektefellen til tidlegare president Barack Obama. Dei gifta seg i oktober 1992 og har to døtrer. Då han tiltredde som president 20. januar 2009 vart Michelle Obama USAs første afroamerikanske førstedame, og den første av slave-herkomst.

Obama er fødd og oppvakse i ein arbeidarklassefamilie i bydelen South Side i Chicago. Faren Fraser Robinson (1935–1990) jobba som pumpearbeidar i det kommunale vassverket i Chicago. Mora Marian Shields (1937–) jobba som sekretær. Michelle Obamas første kjende forfar var tippoldefaren hennar på farssida, Jim Robinson, som var ein slave på plantasjen Friendfield i Georgetown i Sør-Carolina, der delar av familien hennar framleis bur.

Ho er utdanna ved Princeton University og Harvard Law School. Ho byrja karrieren sin i advokatfirmaet Sidley Austin, der ho trefte den kommande ektemannen sin. Ho vart så rekruttert til ei stilling i borgarmeister Richard M. Daleys stab. Ho har òg arbeidd for University of Chicago og University of Chicago Hospitals.

Som førstedame fungerte Obama som eit førebilete for kvinner og jobba som talsperson for fattigdomsmedvit, utdanning, ernæring, fysisk aktivitet og sunn mat. Ho støtta amerikanske designarar og vart sett på som eit moteikon.[2][3]

Kjelder endre

  1. «First Lady Michelle Obama», whitehouse.gov (på engelsk), 23. desember 2014, henta 1. november 2021 
  2. Donahue, By Wendy, «Michelle Obama emerges as an American fashion icon», chicagotribune.com, henta 1. november 2021 
  3. https://www.washingtontimes.com, The Washington Times, «Michelle Obama settling in as a role model», The Washington Times (på engelsk), henta 1. november 2021 

Bakgrunnsstoff endre

  Engelsk Wikiquote har ei sitatsamling som gjeld: Michelle Obama
 

Originaltekst av Michelle Obama ved Wikisource.