Opna hovudmenyen

Michael John Kells «Mick» Fleetwood (fødd 25. juni 1947) er ein britisk musikar og skodespelar, mest kjend som trommeslagar i rockebandet Fleetwood Mac. Namnet til Fleetwood og bassisten i bandet, John McVie, vart slått saman til å danna namnet på bandet, som vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 1998.

Mick Fleetwood
Mick Fleetwood crop.png
Fødd24. juni 1947 (72 år)
FødestadRedruth i Cornwall i England
FødenamnMichael John Kells Fleetwood
OpphavStorbritannia
Aktiv1963 til i dag
SjangerBlues, rock, bluesrock
InstrumentTrommer, perkusjon
Tilknytte artistarFleetwood Mac, John Mayall & The Bluesbreakers, Mick Fleetwood's Zoo, The Zoo, Mick Fleetwood's Island Rumours Band
PlateselskapBlue Horizon, Warner Bros., RCA, Sanctuary
Verka somMusikar
Gift medJenny Boyd, Jenny Boyd

Fleetwood vart fødd i Cornwall, og budde i barndommen i Egypt og Noreg, då faren reiste rundt med Royal Air Force. Han ønskte å bli musikar og flytta til London då han var 15 år gammal, og slo seg etter kvart saman med Peter Green, Jeremy Spencer og Bob Brunning og danna den første inkarnasjonen av Fleetwood Mac. Fleetwood er det einaste medlemmet som har vore med i bandet frå starten av og fram til i dag.

Etter fleire album og endringar i besetninga, flytta gruppa til USA i 1974 i eit forsøk på å slå stort gjennom. Her inviterte Fleetwood med seg Lindsey Buckingham og Stevie Nicks i bandet. Buckingham og Nicks bidrog stort til den seinare kommersielle suksessen til Fleetwood Mac, inkludert det kritikarroste albumet Rumours, medan Fleetwood i sterk grad medverka til å halde bandet gåande heile den tida bandet har eksistert.[1][2] Han har òg hatt ein solokarriere, skrive bøker og hatt ei kort skodespelarkarriere og drive med vinproduksjon.

Innhaldsliste

Tidleg livEndra

Fleetwood var fødd i Redruth i Cornwall, som det andre barnet til John Joseph Kells Fleetwood og Bridget Maureen (fødd Brereton) Fleetwood.[3][4] Den eldre systera Susan Fleetwood, som døydde av kreft i 1995, var skodespelar.[5] Tidleg i barndomen følgde Fleetwood og familien hans faren, som var jagarpilot i Royal Air Force,[6] til Egypt. Etter kring seks år, flytta dei til Noreg, der faren arbeidde for NATO.[3] Fleetwood gjekk på skule der og snakka flytande norsk.[7]

Biografen Cath Carroll skildra den unge Fleetwood som «ein draumar, ein empatisk ungdom» som var intelligent, men som ikkje gjorde det så bra på skulen.[4] I følgje sjølvbiografien sin,[7] hadde Fleetwood store vanskar i tida han gjekk på engelske kostskular,[6] inkludert Kings School i Sherborne i Dorset. Med ei høgd på 198 cm, skjegg og langt hår det meste av livet var han ein fyr ein la merke til. «Mick var særs aristokratisk,» fortalte Ken Caillat, ein lydteknikar på Rumours. «Måten han forma setningane på var ulasteleg. Når han snakka, stoppa alle og lytta. Han var roleg og vis, og han hadde ein fin humor. Han elska å le, men snakka òg rett frå levra.»[8]

Fleetwood byrja i ung alder å spele trommer og foreldra kjøpte trommer til han då han var tretten år gammal.[6] Faren var sjølv ein amatørtrommeslagar, og støtta valet til sonen om å bli musikar.[6] Fleetwood var i starten inspirert av trommeslagaren til Cliff Richardi The Shadows, Tony Meehan, i tillegg til trommeslagaren i Everly Brothers.[4] Med støtte frå foreldra slutta han på skulen då han var 15 år gammal, og flytta til London for å bli profesjonell trommeslagar.[7] Først budde han hos systera i Notting Hill.[9] Etter ein kort stund som butikkmedarbeidar i Liberty i London, opna dei første høva seg for han innan musikk.[4]

KarriereEndra

Tidleg karriere i LondonEndra

Klaverspelaren Peter Bardens budde nokre hus nedanfor den første heimen til Fleetwood i London,[9] og då han høyrte at det var ein ledig trommeslagar som budde i nærleiken, henta inn Fleetwood i bandet sitt The Cheynes i juli 1963.[9] The Cheynes, spelte som oppvarming for band som Rolling Stones og Yardbirds. Fleetwood byrja sidan i The Bo Street Runners, som spelte i fjernsynsprogrammet Ready Steady Go!.[9] Då Fleetwood byrja i bandet i april 1965, var dei alt i ferd med å bli mindre populære.[9] I februar 1966 slutta Bardens i gruppa og bad Fleetwood med seg i det nye bandet sitt, Peter Bs, som kort tid etter vart Shotgun Express (med Rod Stewart). Peter Green,som var gitarist i Peter Bs,[9] slutta for å bli med i John Mayall & the Bluesbreakers, etterfølgd av Fleetwood i april 1967. Med i det nye bandet var alt John McVie.[4]

Fleetwood vart kort tid etter saman med modellen Jenny Boyd, systera til Pattie Boyd, som sidan var gift med både George Harrison og Eric Clapton.[4][10][11] Fleetwood fekk sparken frå the Bluesbreakers, fordi han drakk for mykje under konsertane deira.[12] Både Fleetwood og McVie drakk mykje, og samla sett vart dette ofte for mykje for Mayall og bandet å takle.[9] Green, som følte seg fanga i the Bluesbreakers, slutta òg i juni 1967. Han ønskte å ha med seg favoritt-rytmeseksjonen sin, Fleetwood Mac - Mick Fleetwood og John McVie - i eit nytt band, og inviterte dei begge med eg. McVie var i starten motvilling, men begge slo seg saman med Green sommaren 1967 med ein platekontrakt i horisonten.[13]

Fleetwood MacEndra

 
Fleetwood med Fleetwood Mac, 18. mars 1970.

Den første inkarnasjonen av Fleetwood Mac heldt den første konserten sin i august 1967 under Windsor Jazz and Blues Festival, og spelte Chicago blues.[14] Debutalbumet til bandet, Peter Green's Fleetwood Mac, kom ut i 1967, og bandet turnerte i USA for første gongen. Då dei kom heim att spelte dei inn album nummer to, Mr. Wonderful. Bandet følgde opp med ei rekkje hittar, som «Albatross» og «Man of the World». Green byrja å drive bort frå bandet og sleit med aukande bruk av LSD.[15]

Fleetwood vart verande i bandet gjennom stadige utskiftingar, etter at Green slutta i mai 1970. Fleetwood og Boyd gifta seg i juni 1970.[16][17]

Under ein turne i USA i 1973 oppdaga Fleetwood at kona hadde eit forhold til gitaristen i bandet på den tida, Bob Weston, som så fekk beskjed om å slutte i bandet.[18][19] Fleetwood og Boyd vart skild seint i 1975.[20] Fleetwood reiste til Zambia for å kome på fote att. Han reiste i lag med Christine McVie, som var bandmedlem i Fleetwood Mac og gift med John McVie på den tida, og som sjølv hadde problem i ekteskapet sitt. Samstundes sette manageren Clifford Davis saman eit ny gruppe av musikarar under namnet 'Fleetwood Mac', og i søksmåla som følgde tok Fleetwood meir og meir over leiinga av bandet.[21] Medan rettsprosesse pågjekk, spelte Fleetwood med George Harrison i eit prosjekt kalla On the Road to Freedom. Med på prosjektet var òg Alvin Lee, Mylon LeFevre, Ron Wood, Steve Winwood og Jim Capaldi. Bandet flytta til Los Angeles, og Fleetwood fekk høyre nokre opptak av Lindsey Buckingham og Stevie Nicks, som han likte så godt at han inviterte dei med i bandet. I lag spelte dei inn Fleetwood Mac. Albumet vart eit gjennombrot for bandet i USA og nådde toppen av salslista. Dette vart følgd opp av Rumours, som vart ein enorm suksess og eit av dei mestseljande albuma gjennom tidene.[22]

I november 1977 innleidde Fleetwood og Nicks eit forhold.[23][24][25] Forholdet heldt fram sporadisk dei neste to åra, før paret valgte å gjere det slutt. Boyd og Fleetwood hadde like før byrja å bu saman att og gifta seg på ny for barna si skuld, og for å gjere det enklare å flytte til USA.[26] Dei skilde seg derimot raskt, for andre gong, nokre månader seinare.

 
Fleetwood i 2013.

Fleetwood leia òg fleire sideprosjekt. I 1981 gav han ut The Visitor, produsert av Richard Dashut, med mykje afrikanske rytmar og ei nyinnspelinga v «Rattlesnake Shake» med Peter Green. Songen «You Weren't in Love» vart ein hit i Brasil, etter han vart nytta i ein såpeopera der.I 1983 danna han Mick Fleetwood's Zoo og spelte inn I'm Not Me. Albumet gav ein mindre hit, «I Want You Back», og ein coverversjon av the Beach Boys sin «Angel Come Home». Fleetwood gav ut Something Big i 2004 med The Mick Fleetwood Band, og det nyaste albumet hans Blue Again!,[27] kom ut i oktober 2008 med the Mick Fleetwood Blues Band.[28]

Han har spelt trommer på mange av bandkollegaene sine soloplater, som Law and Order, French Kiss, Three Hearts, The Wild Heart, Christine McVie, Try Me, Under the Skin, Gift of Screws og In Your Dreams. I 2007 spelte han på songen «God» i lag med Jack's MannequinInstant Karma: The Amnesty International Campaign to Save Darfur, ei samling av John Lennon-songar.

Fleetwood har vore med å skrive Fleetwood – My Life and Adventures with Fleetwood Mac med forfattaren Stephen Davis. I boka skildrar han ope andre musikarar som Eric Clapton, medlemmar av The Rolling Stones, Led Zeppelin, forholdet med Stevie Nicks og kokainmisbruket og den personlege konkursen hans.[7]

Fleetwood har òg hatt ein karriere som skodespelar, vanlegvis i mindre roller. Han har spelt i The Running Man, Star Trek: The Next Generation og leia i 1989 BRIT Awards. Fleetwood og den tredje kona, Lynn, har to tvillingdøtrer (Ruby og Tessa) som vart fødd i 2002.[10][11] Paret skilde lag i 2013.[29]

DiskografiEndra

med Fleetwood MacEndra

År Album US UK Informasjon
1968 Fleetwood Mac (Peter Green's Fleetwood Mac) 198 4
1968 Mr. Wonderful 10 Fleetwood på plateomslaget
1969 Then Play On 192 6 Fleetwood skreiv instrumental «Fighting For Madge»
1970 Kiln House 69 39 Fleetwood var medlåtskrivar på «Jewel Eyed Judy»
1971 Future Games 91 Fleetwood var medlåtskrivar på «What A Shame»
1972 Bare Trees 70
1973 Penguin 49
1973 Mystery to Me 68
1974 Heroes Are Hard to Find 34 Fleetwood på plateomslaget
1975 Fleetwood Mac 1 23 Fleetwood med (med McVie) på plateomslaget
1977 Rumours 1 1 Fleetwood var medlåtskrivar på «The Chain»
1979 Tusk 4 1
1980 Live 14 31
1982 Mirage 1 5
1987 Tango in the Night 7 1
1988 Greatest Hits 14 3
1990 Behind the Mask 18 1
1995 Time 47 Fleetwood var medlåtskrivar på «These Strange Times»
1997 The Dance 1 15
2003 Say You Will 3 6

SoloalbumEndra

År Album US UK Informasjon
1981 The Visitor 43
1983 I'm Not Me Som Mick Fleetwood's Zoo
1992 Shakin' the Cage Som The Zoo
2004 Something Big Som The Mick Fleetwood Band
2008 Blue Again! med The Mick Fleetwood Blues Band feat. Rick Vito

FilmarEndra

FilmEndra

År Tittel Rolle Merknad
1987 The Running Man Mic
1995 Zero Tolerance Helmut Vitch
1997 Snide and Prejudice Pablo Picasso
1997 Mr. Music Simon Eckstal TV-film
1998 The Corrs: Live at the Royal Albert Hall Seg sjølv spesialgjest
2001 Burning Down the House Bartender
2011 Get a Job Arbeidsløys bandmedlem

FjernsynEndra

År Tittel Rolle Merknad
1989 The BRIT Awards programmleiar i lag med Sam Fox
1989 Star Trek: The Next Generation Antedean dignitary Episode «Manhunt»
1989 Wiseguy James Elliot Episode «And It Comes Out Here»
2013 Top Gear Seg sjølv «Star in a Reasonably-Priced Car»


KjelderEndra

  1. Carroll (2004) p. 1–12.
  2. Brackett (2007) p. xvi-xx.
  3. 3,0 3,1 'Susan Fleetwood; Obituary,' The Times (2 October 1995), s. 23
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 Carroll (2004) p. 14–15.
  5. «Susan Fleetwood Biography (1944–1995)». Filmreference.com. 21. september 1944. Henta 15. oktober 2011. 
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 Evans (2011) p. 21.
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 Fleetwood (1991) p. ?
  8. Caillat (2012) p. 38.
  9. 9,0 9,1 9,2 9,3 9,4 9,5 9,6 Evans (2011) p. 22–23.
  10. 10,0 10,1 «Star interview: Blues legend Mick Fleetwood comes to Croydon's Fairfield with his new band». Thisissurreytoday.co.uk. 15 October 2008. 
  11. 11,0 11,1 «Fleetwood Mac – Fleetwood's Daughter Recovering After Pool Accident». Contactmusic.com. 21 July 2008. 
  12. Carroll (2004) p. 19.
  13. Evans (2011) p. 24.
  14. Carroll (2004), p. 21.
  15. Brackett (2007) p. 35–36.
  16. Martin Adelson, Lisa Adelson. «Jenny Boyd». fleetwoodmac.net. Henta 6. mai 2015. 
  17. Jenny Boyd, Holly George-Warren (1 May 1992). Musikars in Tune. Simon & Schuster. ISBN 978-0-671-73440-4. Henta 6. mai 2015. 
  18. Carroll (2004) p. 40.
  19. Carroll (2004) s. 109, 121-122.
  20. Brackett (2007) p. 83.
  21. Carroll (2004) p. 40–41.
  22. Warner Bros. Records (25 February 1978). «Rumours [Data]». Billboard. s. SW-15. 
  23. Carroll (2004) p. 175.
  24. Fred Schruers (30. oktober 1997). «Back on the Chain Gang». Rolling Stone. Henta 6. mai 2015. 
  25. «Fleetwood Mac Timeline for the 70s». fleetwoodmac-uk.com. Henta 6. mai 2015. 
  26. Carroll (2004) p. 151.
  27. Blue Again press release San Francisco Business Times, 12 February 2009
  28. NPR interview of Mick Fleetwood 28 March 2009
  29. «Mick Fleetwood, wife separate after 17 years». Usatoday.com. Henta 6. mai 2015. 

BakgrunnsstoffEndra