Opna hovudmenyen

Midtaustenmusikk dekkjer musikk i eit stort område frå Marokko til Iran. Dei forskjellige nasjonane i regionen omfattar dei arabiske landa i Midtausten og Nord-Afrika, dei iranske tradisjonane i Persia, hebraisk musikk frå Israel, armensk musikk, dei varierte tradisjonane innan kypriotisk musikk, musikk frå Tyrkia, tradisjonell assyrisk musikk og musikk frå berberar frå Nord-Afrika og koptarar i Egypt. Ein reknar det slik at musikkstilane frå Midtausten har påverka indisk musikk og musikk i Sentral-Asia, Spania og Balkan.

Gjennom heile regionen har religion vore ein felles faktor som har samla folk med forskjellige språk, kulturar og nasjonar. Den islamske dominansen gjorde at arabisk og bysantinsk påverknad spreidde seg raskt gjennom regionen frå 600-talet og frametter. Den arabiske skalaen er sterkt melodisk og basert på forskjellige maqamat (eintal maqam) eller toneartar (òg kalla makam i tyrkisk musikk). Arabarar omsette og utvikla greske tekstar og musikkverk og meistra musikkteorien i oldtidsgresk musikk (t.d. Systema ametabolon, enharmonium, khromatikon, diatonon).[1] Dette liknar på dastgah i persisk musikk. Sjølv om dette har opphavet sitt i klassisk musikk, har det modale systemet filtrert ned til folkemusikk, liturgisk musikk og til og med popmusikk, med påverknad frå Vesten. I motsetnad til mykje av den vestlege musikken vert det nytta kvarttonar i arabisk musikk, ofte gjennom strengeinstrument (som oud) eller song. Andre faktorar som særpregar musikk frå Midtausten og Nord-Afrika er særs komplekse rytmestrukturar, generelt spent vokaltone og ein monofonisk tekstur.

Ofte kan meir tradisjonell midtaustenmusikk vare frå ein til tre timar, og byggjer opp ei spaning til musikken når eit klimaks, eller tarab, som kjem frå det arabiske omgrepet طرب tarraba.[2]

Vanlege sjangrarEndra

Geografiske variantar av ikkje-arabisk musikk i MidtaustenEndra

KjelderEndra

  1. Habib Hassan Touma - Omtale av Das arabische Tonsystem im Mittelalter av Liberty Manik. doi:10.2307/
  2. Pappé, I. The Modern Middle East, (London, 2005), p. 166-171.