Ein midthavsrygg er ein lang undersjøisk fjellrygg som reiser seg 1–3 km over havbotnen rundt. Midthavsryggar finst i Atlanterhavet (Den midtatlantiske ryggen), Indiahavet og i Sør-Stillehavet. Ryggane kan vera omkring 1500 km breie og strekkja seg gjennom heile lengda av verdshava. Nokre stader bryt dei havflata som vulkanske øyar. Døme på dette er Island og Jan Mayen.

Midthavsryggane i verdshava.

Den midtatlantiske ryggen ligg midtvegs mellom landområda på begge sider, og avspeglar nøyaktig konturane av kystane. Andre stader har havryggane ein meir ujamn plassering i forhold til landområda. Langs midten av ryggane er det ei midtre kløft eller riftdal, der det er vulkansk verksemd og jordskjelv med korte mellomrom.

Skjematisk framstilling av korleis jordskorpeplateer på havbotnen dannar midthavsrygg der dei glir frå kvarandre og djuphavsgroper der dei møter andre plater.

Berggrunnen under verdshava er ung samanlikna med grunnen på landområda. Teorien om havbotnsspreiing forklarer dette med at verdshava utvidar seg når det vellar opp basaltisk lava langs midtrifta i midthavsryggane. Dei nydanna vulkanske massane blir avkjølte, glir ut til sida og søkk etter kvart som nytt materiale kjem opp frå djupet.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre