Mikael Vinka
Mikael Vinka er professor i samisk ved Umeå universitet.
Vinka er av utdanning lingvist og arbeidde i byrjinga av karrieren sin med japansk. Doktorgraden hans var om argumentstrukturen til kausativar i nordsamisk, og han har dei siste tiåra arbeidd med nord- og sørsamisk grammatikk. Doktorgraden skreiv han innafor ein forskingstradisjon innafor generativ grammatikk som ser morfologi og syntaks som spegelbilete av kvarandre (særleg argumentert for i Mark Bakers Mirror Principle). I seinare arbeid har Vinka arbeidd innafor Chomskyansk minimalisme.
Mikael Vinka fekk i 2006 Várdduo sin vitskaplege pris for samisk forskning.
Bibliografi (utval)
endre- 2002: Causativization in North Sámi. Dr. avhandling. Montreal: Department of Linguistics, McGill University.
- 2007: Verb Movement and the Morphosyntax of Negation in Saami. Proceedings of the thirty-fourth Western Conference On Linguistics, s. 456-465.