Mikaela Shiffrin
Mikaela Pauline Shiffrin (fødd 13. mars 1995) er ein USA-amerikansk sikrennar frå Vail i Colorado. Ho vann tre strake titlar i slalåm i åra 2013-15, verdsmeister i 2013 og 2015 og OL-meister i 2014. Dei same tre sesongane, 2013, 2014 og 2015, vann ho FIS-pokalen i spesialøvinga slalåm i verdscupen i alpine greiner. Frå desember 2012 til november 2015 sigra ho i 17 tevlingar i verdscupen, 16 av dei slalåm og ein gong i storslalåm.
Mikaela Shiffrin | |
![]() | |
Fødd | 13. mars 1995 (27 år) Vail |
Yrke | alpinist |
Mikaela Shiffrin på Commons |
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Mikale Shiffrin» frå Wikipedia på tysk, den 20. desember 2015.