Mikheil Saakasjvili
Mikheil Saakasjvili (fødd 21. desember 1967 i Tbilisi) er ein georgisk politikar som var president i Georgia frå 25. januar 2004 til 17. november 2013. Saakasjvili kom til makta etter den såkalla roserevolusjonen i Georgia i november 2003. Store demonstrasjonar mot valfusk ved parlamentsvalet 2. november 2003 førte til at presidenten Eduard Sjevardnadse gjekk av. Saakasjvili leia desse demonstrasjonane. Ved presidentvalet 4. januar 2004 vann han med over 96 % av røystene, og vart den yngste presidenten i Europa, 36 år gamal.
Mikheil Saakasjvili | |
![]() | |
Verkeleg namn | მიხეილ სააკაშვილი |
Fødd | 21. desember 1967 (55 år) Tbilisi |
Yrke | jurist, politikar, advokat, programleiar, deltager i internasjonale fora |
Verv | President i Georgia |
Periode | 2004-2013 |
Føregangar | Nino Burdzjanadze |
Etterfylgjar | Giorgi Margvelasjvili |
Mikheil Saakasjvili på Commons |
Fornamnet hans vert ofte òg skrive Mikhail, som er ei russisk form. Etternamnet vert òg ofte skrive Saakashvili, som er ei engelsk form.