Miklagard

Denne sida finst òg på høgnorsk — sjå «Hn/Myklagard».

Miklagarðr (norsk Miklagard eller Mikkelgard, islendsk Mikligarður, tysk Michelgart) var det norrøne namnet på byen Istanbul i Tyrkia. Andre namn på byen har vore Bysants (Byzants), Stamboul og Konstantinopel.

«Kong Sigurd Jorsalfar og mennene hans rir inn i Miklagard»
Teikning av Gerhard Munthe til Heimskringla.

«Mikla» kjem av det norrøne ordet mikill, som tyder 'stor'. Dermed tyder «Miklagard» 'den store garden (inngjerdinga)' eller 'den store byen'.

Fleire norrøne vikingar gjekk i teneste i Miklagard. Mellom anna den seinare kong Harald Hardråde. Kong Sigurd Jorsalfar var òg innom byen på ferda mot Jorsal (Jerusalem).