Mikrogram
Mikrogram er ei SI-avleia eining for måling av masse. Symbolet for mikrogram er µg. Eitt mikrogram er lik éin milliondel av eit gram, 10−6 gram, som er lik 10−9 kilogram.
Symbolet µ (Unicode-teikn U+00B5
; HTML µ
) er mikro-teiknet.
Det er avleia frå den greske bokstaven μ (my).
Symbolet «um» blir av og til brukt dersom µ (SI-prefikset)
og μ (den greske bokstaven) ikkje er tilgjengeleg,
til dømes på ei skrivemaskin.
Mikrogram er ei vanleg eining for måling av masse innan kjemi og farmasi. Mikrogram vert brukt for å oppgi mengder av vitamin og mineral i matvarer, ofte pr. 100 g vare.
1 mikrogram er lik:
Og motsett:
- 1 nanogram = 0,001 mikrogram
- 1 milligram = 1000 mikrogram