Mikrorilleplate er ei grammofonplate, innspela i mono, med lateral gravering. Mikrorilleplatene vart utvikla av Columbia [1][2], og sette i produksjon i 1948. Desse platene hadde ein diameter på 25 eller 30 cm, roterte med 33 1/3 o/min, og speletid på 20 til 25 min, som var fire til fem gongar lengre enn 78-platene som då var i bruk. Dei vart difor kalla langspelplater (LPar). Året etter, i 1949, tok RCA til å produsera mikrorilleplater, men med mindre diameter (17,8 cm), med større rotasjonshastigheit (45 o/min) og ei speletid på berre 5 1/3 min.

Den fyrste mikrorilleplata: Felix Mendelssohn, Violinkonzert e-Moll op. 64, Philharmonic-Symphony Orchestra Of New York, dir. Bruno Walter, Columbia ML4001, 1948.

Materiale endre

Mikrorilleplatene var laga av vinyl, som hadde fleire føremonar i høve til dei shellakkbaserte 78-platene. Vinyl er meir robust, genererte mindre støy under avspeling, og gjorde det muleg å redusera breidda på rillene og avstanden mellom dei, slik at speletida kom opp i ca. 20 til 25 min per side. Dei mindre rillene gjorde det muleg å redusera stiftkrafta (krafta stiften vert trykt mot plata med), noko som førte til redusert slitasje på rillene. Fleire plateprodusentar hadde nytta vinylplater for internt bruk heilt frå 1932, men pickupane som var tilgjengelege på denne tida nytta så stor stiftkrafta at vinylplatene vart øydelagde etter berre nokre få avspelingar [2].

Plateformatet til Columbia (25 og 30 cm, 33 o/min) endre

 
Mikroriller forstørra 500 gongar.

Columbia gav stort sett ut klassisk musikk, så auka speletid var viktig for dei. Speletida vart auka ved å nytta ein relativt stor diameteren på platene, ved å redusera rotasjonshastigheita, og ved å redusera breidda på rillene og avstanden mellom dei. Columbia eksperimenterte med grammofonplater som roterte med 33 1/3 o/min tidleg på 1930-talet [3], men det var ikkje før i 1948 at dei sokalla mikrorilleplatene vart sett i produksjon. Dette var framleis monoplater, med lateral modulasjon, men speletida var mykje lengre enn for 78-plater[4][5].

Dimensjonen på rillene var 69 - 76 μm og dei var spela med ein stiftradius på 25 μm [5], som var under halvparten av stiftradiusen som vart nytta for 78-plater på denne tida (64 μm). Diameteren var anten 25 eller 30 cm. Minste innerdiameter var spesifisert til 10,3 cm [1]. Minste rilleavstand var 71 μm, som resulterte i 138 riller per cm, men i praksis var talet på riller per cm ca. 250 [5]. Dette resulterte i ei speletid på omlag 20 til 25 min per side, som var ca. fire til fem gongar så mykje som for 78-plater.

Columbia hadde utvikla 40 cm vinylplater for internt bruk og frå 1939 graverte dei alle opptake sine med to hastigheiter: 78 og 33 1/3 o/min. Dette var med tanke på framtidige utgjevingar på plater som roterte med 33 1/3 o/min. I 1947/48 hadde dei utvikla pickupar som fungerte med kraftig redusert stiftkraft, slik at platene kunne spelast av utan å ta skade. Ved innføringa av mikrorilleplatene i 1948 hadde Columbia difor eit etter måten stort utval av musikk for det nye plateformatet[6]. Den fyrste plata i katalogen var Felix Mendelssohn, Violinkonzert e-Moll op. 64[7]. Etter 2. verdskrig tok Ampex til å produsera spolebandopptakarar, baserte på tyske maskiner det var gjord beslag i. Columbia tok til å ta opp på spoleband, og ved introduksjonen av mikrorilleplatene i 1948 var rundt 40 % av platene deira opptekne på band [2].

Plateformatet til RCA (18 cm, 45 o/min) endre

 
17,8 cm plate frå midt på 1950-talet.

RCA hadde òg utvikla eit nytta plateformat, med same type mikroriller som Columbia. RCA hadde kjøpt Victor i 1927 [6] og hadde eit stort utval av opptak for 78-plater, som stort sett (rundt 96 % [6]) var under 5 min i lengd. Dei valde difor å utvikla eit plateformat med mikroriller, med speletid på 5 1/3 min [6]. Dette valet resulterte i plater med ein diameter på 17,8 cm og rotasjonshastigheit på 45 o/min. RCA utvikla òg ein ny plateskiftar for dette formatet, som var klar for å settast i produksjon samstundes med dei nye platene [6]. På grunn av at desse platene ofte har berre eitt lydspor eller éin komposisjon per side vert dei ofte kalla singelplater. Den fyrste plata på det nye formatet kom ut den 31. mars 1949 [8].

Desse platene hadde ofte eit senterhole med diameter 38,1 mm. Det er noko ymse forklaringar på grunnen til dette [9], men er truleg relatert til bruk i jukeboksar. Når platene skulle spelast på ein platespelar med standard diameter på senterholet (71,8 mm) laut ein nytta ein adapter. På den europeiske marknaden vart platene ofte seld med same diameter på senterholet som plater med diameter på 25 og 30 cm. Dei hadde då eit senterstykke som kunne pressast ut.

Formatkrig endre

Columbia og RCA endte opp med ein formatkrig, som ingen av dei vann. Formatet til Columbia fekk gjennomslag for klassisk musikk, medan formatet til RCA fekk gjennomslag for populærmusikk. Columbia prøvde seg med 17,8 cm plater med ei rotasjonshastigheit på 33 1/3, men dei slo ikkje gjennom [6][10] og desse platene er i dag sjeldan. I 1950 innsåg RCA at kundane ville ha lang speletid og tok til å nytta formatet til Columbia, og i 1951 tok Columbia til å gje ut populærmusikk på formatet til RCA [6].

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 Read, O., The recording and reproduction of sound, Howard W. Sams & Co., 1952.
  2. 2,0 2,1 2,2 Wallerstein, E., The development of the LP record in 1948, Music in the mail. (vitja 9/7-2019)
  3. Beardsley, R. og Leech-Wilkinson, D., A Brief History of Recording to ca. 1950, AHRC Research Centre for the history and analysis of recorded music, 2009.
  4. Goldmark, P.C., Snepvangers, R. og Bachman, W.S., The Columbia long-playing microgroove recording system, Proc. I.R.E., bind 37, nr 8, 1949, ss. 923-927.
  5. 5,0 5,1 5,2 Dutton, G.F., Grammophone turntable speeds - What is the best speed for microgrove recording?, Wireless World, juni 1951, ss. 227-231.
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 6,5 6,6 Backman, W.S., The LP and the single, Jou. Audio Eng. Soc., bind 25, nr 10/11, 1977, ss. 821-823.
  7. Felix Mendelssohn, Violinkonzert e-Moll op. 64, Philharmonic-Symphony Orchestra Of New York, dir. Bruno Walter, Columbia ML4001.
  8. Eddy Arnold, The Tennessee plowboy and his guitar, RCA Victor 48-0001.
  9. Why Do 45 RPM Records Have Big Holes?, Bloggerhythms, 11/8-2009.
  10. Callahan, M., Edwards, D., Eyries, P., Watts, R. og Neely, T., The stereo singles project introduction, juni 2014.