Milivoje Novaković

slovensk fotballspelar
(Omdirigert frå Milivoje Novakovič)

Milivoje Novakovič (fødd 18. mai 1979 i Ljubljana) er ein slovensk fotballspelar som har spela i angrep for Köln i tysk Bundesliga, og for det slovenske landslaget.

Milivoje Novakovič
Personleg informasjon
Fødd 18. mai 1979
Fødestad Ljubljana i Jugoslavia
Høgd 192 cm
Posisjon Angrepsspelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Köln
Nummer 11
Ungdomsklubbar
1999-2002 Olimpija Ljubljana
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2002-03
2003-04
2004-05
2005-06
2006-
Voitsberg
Mattersburg
LASK Linz
Liteks Lovetsj
Tyskland Köln
6 (2)
21 (8)
21 (8)
27 (19)
108 (51)
Landslag
2006- Slovenia 37 (14)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 3. mars 2010
‡ Landslagsmål oppdatert 3. mars 2010

Novakovič har spelt for klubbar i Austerrike og Bulgaria før han kom til Köln. Han var toppskårar i den bulgarske toppdivisjonen med Liteks Lovetsj i 2005/06-sesongen, og toppskårar i 2. bundesliga i Tyskland i 2007/08-sesongen. I 2008/09-sesongen var han Köln sin toppskårar i Bundesliga med 16 seriemål, og i 2009/10-sesongen var han det same, men denne gongen med berre 6 seriemål. Han var toppskårar for det slovenske landslaget under kvalifiseringa til fotball-VM i 2010, med 5 mål.

Bakgrunnsstoff

endre