Millau er ein by og kommune sør i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Aveyron i regionen Midi-Pyrénées og har om lag 20 000 innbyggjarar. Han ligg der elvane Tarn og Dourbie møter kvarandre.

Millau
Byvåpenet til Millau
Byvåpenet til Millau
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Midi-Pyrénées
Aveyron
Geografi
Flatevidd
 - By

168,23 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik

21 339
  127/km²
Koordinatar 44°06′″N 03°05′″EKoordinatar: 44°06′″N 03°05′″E
Høgd over havet 379 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Postnummer 12100
Heimeside: www.millau.fr

Alt rundt 1. hundreåret var det busetnadar her kalla Condatomagus, som var eit stort senter for leirvarer i Romarriket, La Graufesenque. Byen er kjend for handskane som vert laga her og for Viaduc de Millau, den høgaste brua i verda, som ber motorvegen A75. Brua kryssar dalen til elva Tarn nær Millau, og har tatt mykje av gjennomgangstrafikken ut av byen.

Jose Bove, ein anti-globaliseringsaktivist reiv ned ein McDonalds i Millau som ein symbolsk protest på spreiing av hurtigmat og amerikanisering.

Bakgrunnsstoff Endra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Millau
  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.