Mimi Hviid

Mimi Hviid (7. november 187412. september 1962) var ein norsk operasongar (sopran) og songpedagog.

Mimi Hviid
Mimi Hviid.jpg
Fødd7. november 1874
Død12. september 1962 (87 år)
OpphavNoreg
Instrumentvokal
Verka somoperasongar, musikkpedagog

Mimi Hviid var utdanna hjå Olefine Moe i heimbyen, og hjå D. Møller ved Operahögskolan i Stockholm og dessutan tre år i Berlin.[1] Ho er truleg identisk med den Mimi Olsen som i 1904 opptredde ved ein skandinavisk selskapsaftan i Berlin, med blant anna songar av Agathe Backer Grøndahl.[2] Mimi Hviid hadde ei eldre syster som heitte Anna Olsen.[3]

I fødebyen Kristiania debuterte ho på Fahlstrøms Theater i 1905 som Mimi i operaen La Bohème. I Kristiania var ho dessutan knytt til Centralteatret og Nationaltheatret (1906), som Santuzza i Cavalleria rusticana og Nedda i Pagliacci.[4] Etter 1910 var ho i hovudsak songpedagog for ei lang rekkje kjende norske operasongarar, mellom dei Unni Bugge-Hansen, Rita Drangsholt, Ruth Stephansen-Smith, Harriet Weidemann Ørn, Gunvor Mjelva, Signe Amundsen og Kari Frisell.

Mimi Hviid var busett i Kristiania og Bærum.

Roller i utvalEndra

  • Mimi i La Bohème av Giacomo Puccini (Fahlstrøms Theater, 1905)
  • Santuzza i Cavalleria rusticana av Pietro Mascagni (Nationaltheatret, 1906)
  • Nedda i Pagliacci av Ruggiero Leoncavallo (Nationaltheatret, 1906)

ReferansarEndra

  1. Gurvin, Olav (1959). Musikkleksikon. Oslo: Dreyer. 
  2. Morgenbladet 1904.03.30. Norge, Oslo. 1904. s. 2. 
  3. Folketelling 1910 for 0301 Kristiania kjøpstad: Bosted by: 0002 Kronprinsensgate 2
  4. omtale[daud lenkje] frå Norsk Musikkhistorisk arkiv

KjelderEndra