Minimalstat eller nattvekterstat, er ein liberalistisk statsmodell der statleg regulering og sosial tryggleik er avgrensa til eit minimum.[1] Dette inneber at staten har få oppgåver, i all hovudsak berre å verne borgarane mot kvarandre med politi og rettsstell, i tillegg til å verne borgarane mot ytre fiendar med eit forsvar.[2] Alle andre oppgåver skal vere opp til private ordningar og borgarane sjølv.

Idéen er at staten ikkje skal ha for mykje makt, ettersom dette kunne føre til autoritære regime. Ettersom minimalstatar har lite makt vil dei ikkje kunne setje rammer for marknadsøkonomien.

For klassiske liberalistar, minarkistar og nyliberalistar er minimalstaten den einaste rettferdige måten å styra ein stat på, ettersom skattlegging og paternalistiske og moralistiske inngrep i borgarane sine liv er minimal.

Kjelder endre

  1. «minimalstat — Den Danske Ordbog», ordnet.dk, henta 26. november 2022 
  2. «natvægterstat | lex.dk», Den Store Danske (på dansk), henta 26. november 2022