Minimumstemperatur er den lågaste temperaturen målt i løpet av eit tidsrom, som til dømes eit døgn eller ei natt. Det kan mellom anna målast med hjelp av eit minimumstermometer eller eit ekstremtermometer.

I NoregEndra

Den lågaste målte minimumstemperaturen nokon gong i Noreg er –51,4 °C, målt i Karasjok den 1. januar 1886. Den høgaste målte minimumstemperaturen i løpet av eit døgn i Noreg er 25,8 °C, målt på Alstadhaug 5. juli 1937. Ei natt med minimumstemperatur på 20,0 °C eller over vert i Noreg kalla ei tropenatt.

KjelderEndra