Mininaskjera
Mininaskjera (russisk Шхеры Минина; Sjkhery Minina) ligg i Karahavet på nordvestkysten av Sibir i Kranojarsk kraj i Russland. Dei strekkjer seg frå Mikhailovhalvøya til munningen av elva Pjasina. Dei ligg mellom 74° og 75° N og mellom 84° og 87° 30' E.
Mininaskjera | |||
skjer | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Mininaskjera 74°37′00″N 85°40′00″E / 74.616666666667°N 85.666666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Minina Skerries |
Desse skjera er eit innvikla system av øyar, kanalar og små halvøyar langs den forblåste tundrakysten på Tajmyrhalvøya. Vintrane er lange og bitre, så kysten og øyane er knytt saman av isen det meste av året. Smeltinga på sommaren varerer vanlegvis berre to månader i snitt.
Mininaskjera inkluderer Kolosovykhøyane, Kolosovykhhalvøya og Plavnikovijeøyane, i tillegg til mange mindre øyar og bukter.
Mininaskjera har eit variert dyreliv og heile området er ein del av Det store arktiske statlege naturreservatet, det største naturreservatet i Russland og Europa.
Historie
endreDette kalde området vart først utforska av Fridtjof Nansen og så i meir detalj av Baron Eduard von Toll på den siste reisa han under den russiske polarekspedisjonen i 1900-1903 på skipet «Zarja». Eduard Toll og kapteinen på «Zarja», Nikolaj Nikolajevitsj Kolomeitsev vart frustrert av å segle gjennom dette innvikla øysystemet og Toll skildra heile området seinare som ein labyrint.
«Zarja» brukta ei veke på å seglje gjennom øygruppa og gjekk tre gonger på grunn. Trass i unøyaktige posisjonsmålingar og identifisering av øyane, gjekk Toll og enkelte vitskapsfolk frå ekspedisjonen i land på mange av øyane og nesa, gav dei namn og medverka med vitskaplege daga frå dette relativt ukjende området av Arktis. Namnet på heile Mininaskjera vart først gjeve av Toll og ekspedisjonsmedlemmene hans. Dei vart kalla opp etter den russiske polarforskaren Fjodor Minin.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Minina Skerries» frå Wikipedia på engelsk, den 4. august 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- William Barr, The Last Journey of Peter Tessem og Paul Knutsen, 1919.
- William Barr, Baron Eduard von Toll’s Last Expedition.
- Naturreservatet Arkivert 2007-10-08 ved Wayback Machine.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: