Minneapolis Orchestra

Minnesota Orchestra er eit amerikansk orkester som er basert i Minneapolis i Minnesota. Det blie skipa i 1903, og speler for det meste konsertar i Orchestra Hall i Minneapolis.

Minneapolis Orchestra

Skipa1903
LandUSA Sjå dette på Wikidata
HovudkontorMinneapolis Sjå dette på Wikidata
Nettstadwww.minnesotaorchestra.org
Inne frå Orchestra Hall under ein Young People's performance.

Orkesteret blei grunnlagd av Emil Oberhoffer som Minneapolis Symphony Orchestra i 1903, og det hadde sin fyrste opptreden 5. november det året i Exposition Building i n Minneapolis.[1] Orkesteret endra namn til Minnesota Orchestra i 1968. Den noverande bygningen det held til i, Orchestra Hall, blei bygd i 1974. Tidlegare, frå 1929, heldt det til i Northrop Memorial Auditorium ved University of Minnesota.[2]

Sidan 1980 har orkesteret halde ein sommarfestival kjend under fleire namn, opphavleg Viennese Sommerfest, seinare MusicFest frå 2001, og så berre Sommerfest frå 2003. Sommerfest-konsertar blir haldne i Orchestra Hall over ein periode på fire veker rundt midtsomar. Orkesteret gjev også gratiskonsertar på plassen utanfor før og etter kvar førestilling, i sjangrar som kan variera frå folkemusikk til jazz til polka. Leonard Slatkin var kunstnarisk leiar for Sommerfest frå 1980 til 1989. Andrew Litton var kunstnarisk leiar frå 2003 til 2017.[3]

Musikalske leiarar og dirigentar endre

Kjelder endre

  1. «History». Minnesota Orchestral Association. 2012. Arkivert frå originalen 22. oktober 2012. Henta 9. mars 2012. 
  2. Swanson, Walter (1989). ’’Minneapolis: City of Enterprise, Center of Excellence : A contemporary portrait’’. Windsor Publications, Inc. s. 92–93. ISBN 0-89781-292-1. 
  3. «Andrew Litton's final Sommerfest concerts feature dancers from New York City Ballet and Strauss' Salome» (Press release). Minnesota Orchestra. 11 July 2017. Arkivert frå originalen 16. september 2017. Henta 12. juli 2017. 

Bakgrunnsstoff endre