Mirjam

kvinnenamn
(Omdirigert frå Miriam)

Miriam eller Mirjam er eit opphavleg hebraisk kvinnenamn (מִרְיָם). Tydinga av namnet er uklar, det kan tyda 'bitter', 'opprørsk' eller 'ønskt barn'. Det kan også koma frå det egyptiske namnet mry, 'kjærleik' eller 'elska'. «Miriam» har gjeve opphav til namnet Maria gjennom den greske avleiinga Mariam.

Mirjams dans, illustrasjon frå den bulgarske Tomić Psalter til Andre mosebok 15:20: «Så tok syster til Aron, Mirjam, som var profet, ei tromme i handa, og alle kvinnene følgde etter henne, slo på tromme og dansa.»[1]
Politikaren Miriam Paulsen
Foto: Norske Samers Riksforbund

Ein kjend namneberarar er den eldre systera til Moses og Aron i Bibelen. Miriam har lenge vore brukt som førenamn av jødar. Etter reformasjonen blei også denne forma teke i bruk blant kristne.

Mirjam har norsk namnedag den 5. juli.

Namneberarar endre

Kjelder endre